Gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen er ein flott sosial møteplass i naturen. Her er det eit godt ly for vind og regn, romslege benkar ute og inne, bålpasser og kanoar til å padle i + eit flott badevatn !
Bygget er teikna av landskapsarkitekt Knut Fosså, og er eit flott handtverk utført på dugnad av frivillige i bygda; med Lars Bog og Kåre Nesvik i spissen.
Bygget har ein sekskanta form, og er bygd i solid lafta tømmer som er hogd i Erfjord. Den eine veggen inne i gapahuken er ei stor steinhelle som er henta ut frå Fossmarka. Ved sida av gapahuken er det bygd eit "uthus" der kanoane bur og der veden blir halden tørr .
Alle er velkomne til å bruke gapahuken, bålpannene og kanoane.
Bruk av ved: Vipps kr 30 til Jøsneset Bygdaråd vippsnr 135092, merkast «ved Fosstemmen»
Ikkje hogg trær i skogen! Øksene skal kun brukast til vedkløyving Ta med deg avfallet ditt heim - Rydd fint etter deg
Gapahuken er òg basen for arrangementet HARDHAUSEN som går kvart år 1.pinsedag.
Drift av anlegget skjer på frivillig basis.