Nytt frå Strandbuen
- I helgen blir det vått, men så snur været igjen: – Kan få over 20 grader
- Dette er konfirmantane i Hjelmeland
- Victoria (27) vil ha ny samtykkelov: – Jeg var heldig, men alle er ikke det
- Brukere av denne veien må vente opp mot 20 minutter
- Store forsinkelser i flytrafikken etter stenging av luftrommet i Sør-Norge
Siste nytt
Rasin kjem! Men kjem.... ???
Rektor Rasin står sjølvsagt høgt oppe på påmeldingslista til AVSLUTNINGSFESTEN . Bra !! For her vart me jammen i tvil.....kan desse utanomjordiske her verkeleg vere tidlegare Jøsneset-skule-elevar??? Landa de i romskip? Var det eit utslag av mat-og helse-faget?? For hard gym? Me treng Rasin til å klare opp i dette her. Me håpar dei utanomjordiske melder seg på, så me får mysteriet oppklart !! Kanskje du møter de?
An Jan Birger kjem ....kjeme du?
Jan Birger Foss (framme til venstre) gjekk i klasse med denne gjengen - dei byrja på Jøsneset skule på slutten av 1940 talet : Kari Mork (Langvik), Torunn Foss (Rødde), Nils Jostein Øglend og Klara Foss - for ein herleg gjeng saman med lærar Andreas Hauge. Me håpar han får møte nokon av medelevane sine på AVSLUTNINGSFESTEN FOR JØSNESET SKULE 13.juni !! Festen er for ALLE - uansett årgang !! Husk påmelding til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller sms til 97007636. Me treng sårt fleire bilde: gjerne slike eldre som dette, men me er interessert i frå alle årgangar: alle har vel eit foto av første skuledag??!! Eller anna skulebilde? Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Rørande og koseleg 17.maifeiring
Storslagen grunnlovsfeiring over heile landet....så òg på Jøsneset. Det var mykje som gjorde inntrykk sidan det var siste gongen Jøsneset skule stod sentralt i 17.mai-feiringa i bygda - men det som nok rørte dei aller fleste aller mest var den fantastisk flotte talen av dei tre 7.klassingane Ida, Tania og Sebastian
Fibernett-utbygging
LYSE hadde denne veka eit ope folkemøte om utbygging av Fibernett på Jøsneset. Det var ca 40 personar som møtte opp, og mange av desse teikna seg på som framtidige Altibox-kundar. LYSE var nøgd med responsen på møtet, og vil nå desse tre vekenummer 20. 21 og 22 fortsetje salget ved å ta kontakt med dei som tidlegare har meldt ifrå om interesse. For dei av dykk som enda ikkje har fått meldt frå om interesse, kan ta kontakt på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Hu Magnhild kjem....kjem du?
Magnhild Meltveit Kleppa hadde sin første lærarjobb på Jøsneset skule - og handskast då med denne herlege gjengen !! Hu Magnhild kjem på avslutningsfesten fredag 13.juni !! Då hadde det vel vore moro om ho hadde fått truffe sine første skulebarn igjen Alle av dei bur på Jøsneset/i distriktet. Så dette er muleg! Utfordringa går til dykk: Odd Magne, Jostein, Torkel, Margareth, Inge Torkel, Kurt, Lars Reidar: MELD DYKK PÅ FESTEN Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller 97007636. Til alle andre òg: Husk påmelding
Unge 17.-mai-talarar
Desse tre spreke 7.klasse-elevane på Jøsneset skule skal saman halde den historiske 17.mai-talen 2014. Tania Yu Auglend, Sebastian Altamirano og Ida Sværen Oaland er historiske fordi dei er tidenes siste avgangselevar frå Jøsneset skule, og historiske fordi de nok er tidenes yngste talarar her i bygda (12+12+13 år) og historiske fordi dei i år held sjølvaste Grunnlovsjubileums-talen. Dei unge talarane har synspunkt både på landet vårt, på 17.mai og på grunnlovsfeiringa...
Surrealistisk fabel med dybde i lesesirkelen
Berit T. Skiftun var spend på reaksjonane då ho delte ut "Og i mellom er der dører", skriven av broren Terje Bjørnø Torgersen, til dei kvalitetsbevisste damene i lesesirkelen. Alle fekk boka til odel og eige! Boka var utgiven på eige forlag, og forfattaren oppgir tidligare å ha "gitt ut to glass og en flaske australsk hvitvin gjennom et kjøkkenvindu på Storhaug".