Nytt frå Strandbuen
- Nå skal det ansettes ny fastlege – disse har søkt
- Gladmelding fra meteorologen, særlig hvis du har le for vinden
- Lei av jojoslanking tok Inger Marie grep – nå er hun 30 kilo lettere
- Denne dukket opp i Gandsfjorden – kan komme to steder i Forsand også
- Mange ville høre hva politikerne sa om Ryfast-takstene – se hvem som kom
Siste nytt
Hjartemarsj 8.mai 2014
NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG
Torsdag 8.mai la seks vaksne og sju born ut på tur til Håvehammaren. Turen starta frå Foss og det var hengt opp 10 postar der alle skulle svare på spørsmål om ulike tema. tema for turen var Hjartemarsj så det var tid for både drøs og pausar på vegen opp. Vel på toppen med alle så var det utdeling av både nyttige og informative folderar, samt frukt av ulike type. Fasit på quiz spørsmåla vart også gjort på toppen, og ein kunne nyte ei flott utsikt over ei bygd som bada i kveldsol.
Takk for turen til alle dykk som var med å gjekk hjartemarsj.
PS: me håpar at det kan vera endå fleire som blir med på tur til neste år.
FOLKEMØTE OM FIBERNETT
LYSE inviterar til ope informasjonsmøte om FIBERNETTUTBYGGING PÅ JØSNESET!
Trivselstova eller Gymsalen tirsdag 13.mai kl 18. 00.
Påmelding. Les meir på PLAKATEN FRÅ LYSE
På møtet vil du få informasjon om LYSE sine breidbandprodukt, som består av
lynraskt fiberbreiband, telefon og TV.
LYSE skriv: "Tilbudet fra Lyse er avhengig av tilstrekkelig interesse i ditt område. Snakk gjerne med venner og naboer, og få dem til å melde seg på møtet. Dersom oppslutningen er lav utenfor de planlagte traséene vi skal levere, vil vi dessverre ikke bygge ut fiber i denne omgang" . Det blir òg sendt ut invitasjon i postkassane til alle som ikkje har reservert seg mot reklame. Invitasjonen gjeld alle; både fastbuande, hyttefolk og næringsdrivande.
Invitasjon til alle:
Det lakkar og lir mot siste skuledag her i bygda. Me skal feire Jøsneset skule si historie med ein flott og verdig fest - og alle er invitert - her kjem vår INVITASJON
Tid for kusymre-tur
Deilig vår over bygda!! Akkurat nå blomstrar kusymra frodig oppunder Herefjellet - ta deg turen langs merka tursti frå Åsland til Håvehammar, så kan du nyte synet av massevis av den fine vårblomen; blanda med fioler, bekkeblom og siste rest av kvitveis. Eit syn !
Fiksing av oppslagstavle
Bygdarådet si oppslagstavle v/branngarasjen er ødelagd. Fronten er difor tatt av for reperasjon, og det er difor ikkje så greitt å henge opp plakatar der nå. Reknar med at den snart er på plass igjen; like heil og fin
Bli med på ....
Det er deilig vår over bygda – og det nærmar seg nasjonaldagen ! Saman vil me gjere bygda enda vakrare og reinare. Rydding av søppel langs vegane. Vask av Trivselstova - ta med bøtte, kost og klutar
Dette er kjekt og sosialt team-arbeid og både små og store, unge og vaksne har masse å bidra med her !! Etterpå kosar me oss med kaffe, saft og pølser ute i vårsola - Velkommen frå Jøsneset Bygdaråd
Info Fibernett-utbygging
I fjor kunne folk her melde si interesse for fibernett inn til LYSE. Alle desse har nå fått eit INFORMASJONSKRIV. Me legg dette informasjonsskrivet ut på nettsida; slik at infoen blir spreidd uavhengig om ein har meldt interesse eller ei. LYSE opplyser òg at dei jobbar med pristilboda, og vil vere klar med dei nå i veke 20, når dei startar salget her på Jøsneset. I samband med dette vil infoskriv gå til alle hus/hytteeigarar i bygda - til alle med unntak av dei som har resvert seg mot reklame. Det kan hende at LYSE òg får til eit ope folkemøte om dette her nå i mai; dette vil dei eventuelt kome tilbake med meir informasjon om. Viss det ikkje blir folkemøte; vil LYSE ta kontakt med dei som har meldt interesse via telefon. LYSE opplyser at prisen blir avhengig av kor stor dekning de får på salet; dvs er interessa stor, kan prisen gå ned. Dette kjem det òg meir info om. Førebels viktig å vite at LYSE jobbar med saken ! Meir info om produktet samt eit interesseskjema finn de HER