Nytt frå Strandbuen
- Ingen fastleger i Strand har plass til flere pasienter – så lange er ventelistene
- Tar ventelistene på alvor: Særlig 41 personer blir prioritert
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
- Nå skal det ansettes ny fastlege – disse har søkt
- Gladmelding fra meteorologen, særlig hvis du har le for vinden
Siste nytt
Det vårast i Kogekjellå
Laurdag1. mars blei ein orntlig vårlig dag....også i Kogekjellå! Vel, vatnet held framleis 4 kalde grader; kjem trass alt direkte frå Fosstemmen som enda ligg dekka med isflak (ifl Johan brukar vatnet ca 1,5 t frå Fosstemmen og ned i Kogekjellå).
Men det var ein stille, solrik vårdag, og 8 badenymfer plaska uti den friske ånå - den 19. lørdag på rad med badeaktivitet i Kogekjellå ! Enkelte av baderane lurte på om sesongen kanskje burde avsluttast nå, for det var jo så varmt og deilig på land.......men; det er jo lov å håpe på litt snø og frost igjen for ein ihuga isbadar; slik at sesongen kanskje kan vere ein månads tid til....vent å sjå.
Flott vårdag 1.mars 2014.
Godt frammøte på årsmøte Bygdarådet
Det var godt frammøte og mange tema til drøfting på Bygdarådet sitt årsmøte sist veke, tirsdag 18 februar. Medan marsipankaka sveiv rundt det store bordet og kaffekoppane blei tømt blei det gitt informasjon og det kom mange idèar for vidare arbeid for bygda framover.
Frå sofaslitar til turelskar
Syns du det er eit ork å kome deg ut over dørstokken? Treng du inspirasjon til turglede og fysisk aktivitet? Møt nordsjøarbeidaren som fekk klar beskjed frå legen om å ta ansvar for eiga helse. Han tok grep og gjekk "frå sofaslitar til turelskar". Spinneriet torsdag 20.feb kl 19.30.
Her finn du PLAKATEN
Hugs gå-og joggegruppe
Minner om gå-og joggegruppe TORSDAGSKVELDAR Kl 19.00.
Joda, det stemmer: det er vått og det er surt, og det fristar kanskje meir å sitje inne? Men tenk heller at det er også friskt og mildt, og kveldane BLIR faktisk lysare!! - så ingen grunn til å sitje inne å vente på godværet. Rett antrekk i kveld; regnbukse, regnjakke og refleksvest.
Møt opp, og kom i form til haustens stafett-utfordring.
MaryKay i Trivselstova
Hei! Onsdag 19 feb(neste onsdag) kjem konsulenten for Mary Kay og viser oss produkter for hud/hår/negler og make up i Trivselståvå kl.19. 00. Det er mulighet for å kjøpe/bestille varer og du kan få goe tips og råd om pleie av huden. Kom også gjerne bare for ein kaffikopp og litt drøs sosialt
Hilsen Cesilie
God debatt om islandsk sauebonde
Her er den vesle boka om den gamle sauebonden, som skapte både lang og god debatt i Lesesirkelen denne veka. Boka "Svar på brev frå Helga" handlar om den 90 år gamle sauebonden frå den islandske landbygda som endeleg "mannar seg opp" og svarar på brevet frå elskerinna Helga.
Ja, me vil ha lys og liv i husa !
Lokalavisa Strandbuen hadde fredag ein artikkel om Jøsneset Bygdaråd sitt engasjement kring dette. Bygdarådet etterlyser m.a. meir meir politisk støtte frå kommunen i sitt bygdeutviklingsarbeid. For dykk som ikkje har papirutgåva; nedanfor finn de artikkelen.