Nytt frå Strandbuen
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
- Nå skal det ansettes ny fastlege – disse har søkt
- Gladmelding fra meteorologen, særlig hvis du har le for vinden
- Lei av jojoslanking tok Inger Marie grep – nå er hun 30 kilo lettere
- Denne dukket opp i Gandsfjorden – kan komme to steder i Forsand også
Siste nytt
Tips oss !!
Bli med å gjer nettsida vår meir variert, meir aktuell og meir mangfaldig : Send oss tips, send oss bilder, send oss tekst !!! Ingenting er for smått for Jøsnessiå. Kontakt Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Bading kvar laurd kl 16
Etter 10 freske kulpbad og eitt viltert fjordbad i perioden oktober til nyttårafta, så skulle ein kanskje tru at folket nå "drog inn bikiniane" - men neida: Badinga fortsetter som før i Kogekjellå på Foss kvar lørdag kl 16 utover ettervinteren. Me håpar (?) på flotte snø-og kuldeperiodar og ønskjer nye og "gamle" baderar velkommen!! God folkehelse i kvart dypp
GODT NYTTÅR !
2013-romjula har vore storm-og regnfull. Natta til 31.desember var værst - mange låg søvnlause og høyrde på stormen og regnet som piska i den mørklagde straumlause bygda. Litt utenkeleg då; å sjå for seg strandfest og badeliv i Skiftustranda same dagen. Men neida - denne glade badegjeng heiv seg uti den nyttårsfriske fjorden medan nyttårsrakketten fauk til værs - og feira gamleåret og nyåret med champagnebrus og bål etterpå.
Romjulsbad i øspøs
Regnbygene og stormkasta har stått i kø denne romjula 2013; også lørdag den 28.des. Dette til trass; 8 stk kasta seg likevel uti Kogekjellå på Foss på slaget kl 16 for årets romjulsbad - denne gongen 4-4 til Fossdalen - Skiftudalen
Beachparty og Nyttårsbad
Årets badesesong avsluttast med eit fyrverkeri av eit NYTTÅRSBAD i SKIFTUVIGÅ Nyttårsafta kl 15.00.
Det blir midtvintersbål, servering av sprudlane champagne(-brus), høg sigarføring (?) og ein smule partyfaktor. NVE melder om store nedbørsmengder og flaum....omtrent som jonsok-værmeldinga altså. Kan me bade då - kan me bade nå !! Utfordringa går spesielt til Fossdalsbuen - som nå må trø ut av den lune Fossdalen og den kogande Kogekjellå - for eit ramsalt nyttårsbad i det store verdenshav Ombofjorden !!
Årets siste?
På Solveig Bog Bouzane sin 2.juledagstur kom ho over denne frimodige saublomen. Definitivt ein hardhaus innan planteriket! Spørsmålet er: er det årets siste?? Skulle det dukke opp nye vårteikn før nyttår er det berre å sende de over til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..