Nytt frå Strandbuen
- Dette sier han om spørsmålet «alle» lurer på
- Enorm pågang hos kommunen etter støttetilbud – går mot loddtrekning
- Må ikke bli slik at hver gang en må kutte i tjenester så skal det gå ut over utkantområdene
- Terje Helland fra Jørpeland og en annen støttespiller krever millioner av Viggo Kristiansen
- Liva Ingebrigtsen deler skrekkopplevelse – mistenker innbrudd i familiehjemmet
Nytt frå Aftenbladet
- Lokale talenter trener med Viking
- Ragnhild (10) og Marte (10) skal spille hovedrollen i Rogaland Teaters nye storsatsing
- «Jaaaaaa» skrev Eline (11) da hun fikk melding om at hun var en av to hovedvinnere i årets juletegnekonkurranse
- I kveld kan du få oppleve nordlys igjen - sånn tar du bilder av det
- – Nordlendingene eier som vanlig ingen skam i livet
Jubilant på Krogane
Vår kjære moster Karina fyller 85 år i dag 30.mars. Hilsen små og store i Krogane.
Det kom inn ei helsing til "redaksjonen" frå Margaret Buene i Krogane, til si moster, som var inne på www.jøsneset.no for første gong i går Dei syns det hadde vore stas om ho fekk sjå ei helsing til seg sjølv inne på nettsida til Jøsneset, nå når dei er på påskeferie her.
Så her kjem bilete og helsinga vidarebrakt på nettsida Gratulera med dagen! Og det er alltid kjekt med nye brukerar av nettsida
Fransk TV på Skiftun kai
Då det franske TV-teamet M6 og det populære franske kokkeprogrammet TOP CHEF med 4 mill sjåarar for første gong i historia bevega seg ut av fransk jord, var det SKIFTUN KAI valget falt på !!! Her blei episode nr 9 i denne gigantiske kokkekampen filma torsdag 8 november 2012, og det 3 timar lange programmet blir sendt på fransk TV M6 2.påskedag kl 20.50. Norsk TV2 var òg til stades for å lage program om kokkekampen; det er eit mindre innslag som sannynlegvis blir sendt på TV2 Lørdagsmagasinet 6.april kl 18.50, Sjå fransk reklame for kokkeprogrammet, med innslag frå Skiftun heilt på slutten HER .
Påskesol ned i vest
Påsken 2013 må vel gå inn i historia som tidenes beste - iallefall har sola fått regjert på himmelen heilt aleine - utan ei sky - heile påskeveka til endes ! (og fullmånen har regjert aleine på nattehimmelen) . Her går sola ned i Nedstrandsfjorden; tatt frå ein terrasse i hyttefeltet i Knutsvik....dette er staden for dei flotte kveldshimlane !! Både dette påskebildet, og det på neste side, er sendt inn av Marthe Aas Larsen.
Ein vakker solrik påskedag er til endes - ei fantastisk påske både ved sjøen og fjellet - og på terrassen !! Heldige dei som har hytte her :
Send oss DINE påskebilder ! Nå har me mottatt både frå Nesvik og Knutvik.....me vil gjerne sjå koss påsken har vore òg på Fosså, på Foss, på Åsland,på Eiane og i Skiftun òg - og ikkje minst : i heia ! eller på fjorden ! Send foto til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Fullsett Basarkveld
Ingen påske utan BEDEHUSBASAREN, og slik vart det òg i år. Styret i Bedehuset skipar til god, gammeldags basar der inntekta går til naudsynt vedlikehald av bedehuset i bygda. Basaren er ein populær begivenhet; ikkje minst for tilreisande påskegjester. Bedehuset var fullsett denne kvelden, og leiar i bedehusstyret Trygve Brandal var nøgd.
Våronn i Nesvik
Me har mottatt fleire påskebilder frå Nesvik, og her er det vårstemning: Lars Reidar og Sigbjørn Nesvik er tidleg ute med våronna i skråninga ned mot båthamna. Det er nok mange bønder rundt om i Norges land som kunne tenkt seg og gjort det same nå; men kulden og snødekket over landet gjer nok sitt til at dei fleste må vente litt til.
Påskebadet !!
Påskeliv er ikkje berre ski og appelsiner: men også bading!! Her er det friskusen Tobias Skjennum Vigesdal frå Sandes som tar årets første bad i Nesvikstranda tirsdag i påskeveka.....ansiktsuttrykket fortel vel det meste om temperaturen
Totalforbud mot bålbrenning
Konstituert brannsjef Johan Mjølhus melder at det nå er totalforbod mot open ild og brenning ute i terrenget i Hjelmeland fram til det generelle forbodet 15.april. Det er svært tørt i gras og utmark, så vær OBS !