Nytt frå Strandbuen
- 11 sjåfører tatt i laserkontroll
- Nei til Ryfish og oppdrettsanlegg i Botnefjorden: – Vi er skuffet og sinte!
- Mindreårig siktet for voldtekt av barn under 14 år i Hjelmeland
- I førre veke kjempa dei mot medelevar – her er dei lokale finalelaga i Ryfylkequiz
- Overraskende mange tatt i sniking på bussen på Tau og Solbakk – dette får konsekvenser, sier Kolumbus
Kontaktmøte med MOWI
MOWI inviterer til nabomøte tysdag 13. februar klokka 17 på Jøsneset Grendahus.
Hurtigbåten Nesvik er sikra likevel
Dei viktigaste avgangar/ankomstar til frå Nesvik blir sikra likevel, fortel ordførar Anita Husøy Riskedal. Les meir om dette i AFTENBLADET (for abonnentar)
Her finn du Liste over kva for avgangar som blir oppretthalde
Sjå og ordførar Anita Husøy Riskedal si Facebook-side
Bra jobba av Hjelmeland kommune - det nyttar å stå på for kommunikasjonslinjene !
Herrenes dag på Fosstemmen
Flotte forhold også på Fosstemmen - sjeldan at isen er så tjukk og samtidig så fin til skeising. Tre lokale "old-boys"-herrer koste seg i januarsola. Kaldt ! Ja, høyr berre på den knasande lyden av skeisene.
Men herrene tok runde på runde på runde, og "skravla gjekk" - og de såg ut til å halde varmen godt. Og stilen frå barndommen.....ja, sjå det: DEN sit enda !!
Trygg is og flotte forhold
Isen har lagt seg i det kalde vêret, og det blir meld om fine forhold for skeising både på Fosstemmen og Eiatjødna (på biletet). Det fine og kalde vintervêret skal halde seg ei god stund til, så det er berre å pakka skeisene og sikta mot ny verdensrekord.
Høyr den flotte "Står samen"-songen Hjelmelandsjenter 2009
Fotball-laget Jenter 2009 i Hjelmeland idrettslag har fått laga ein flott lagsong, med ein tekst som passar godt for oss alle nå inn i eit nytt år : Me står samen ! Me er solide ! Minner skaper me i lag ! Med på laget er det to jenter frå Jøsneset: Nila Skiftun og Anbjørg Westersjø. Høyr og sjå dei i aksjon her i denne musikkvideoen (klikk på bildet over)
Jøsnesjentene Anbjørg Westersjø tv og Nila Skiftun th er med på Jenter 2009-laget.
Filmen er laga av Ryfylkepuls/Ryfylkealliansen i samarbeid med Eramet.