Nytt frå Strandbuen
- Karen og Ida Helene fann meir enn felles interesse i nytt valfag
- Strand vil ha to nye prosjektledere – disse har søkt
- Ingen fastleger i Strand har plass til flere pasienter – så lange er ventelistene
- Tar ventelistene på alvor: Særlig 41 personer blir prioritert
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
Siste nytt
Kontaktmøte med MOWI
MOWI inviterer til nabomøte tysdag 13. februar klokka 17 på Jøsneset Grendahus.
Hurtigbåten Nesvik er sikra likevel
Dei viktigaste avgangar/ankomstar til frå Nesvik blir sikra likevel, fortel ordførar Anita Husøy Riskedal. Les meir om dette i AFTENBLADET (for abonnentar)
Her finn du Liste over kva for avgangar som blir oppretthalde
Sjå og ordførar Anita Husøy Riskedal si Facebook-side
Bra jobba av Hjelmeland kommune - det nyttar å stå på for kommunikasjonslinjene !
Herrenes dag på Fosstemmen
Flotte forhold også på Fosstemmen - sjeldan at isen er så tjukk og samtidig så fin til skeising. Tre lokale "old-boys"-herrer koste seg i januarsola. Kaldt ! Ja, høyr berre på den knasande lyden av skeisene.
Men herrene tok runde på runde på runde, og "skravla gjekk" - og de såg ut til å halde varmen godt. Og stilen frå barndommen.....ja, sjå det: DEN sit enda !!
Trygg is og flotte forhold
Isen har lagt seg i det kalde vêret, og det blir meld om fine forhold for skeising både på Fosstemmen og Eiatjødna (på biletet). Det fine og kalde vintervêret skal halde seg ei god stund til, så det er berre å pakka skeisene og sikta mot ny verdensrekord.
Høyr den flotte "Står samen"-songen Hjelmelandsjenter 2009
Fotball-laget Jenter 2009 i Hjelmeland idrettslag har fått laga ein flott lagsong, med ein tekst som passar godt for oss alle nå inn i eit nytt år : Me står samen ! Me er solide ! Minner skaper me i lag ! Med på laget er det to jenter frå Jøsneset: Nila Skiftun og Anbjørg Westersjø. Høyr og sjå dei i aksjon her i denne musikkvideoen (klikk på bildet over)
Jøsnesjentene Anbjørg Westersjø tv og Nila Skiftun th er med på Jenter 2009-laget.
Filmen er laga av Ryfylkepuls/Ryfylkealliansen i samarbeid med Eramet.
Frisk start på turåret 2024
Fleire personar var i aksjon i vindfulle nyttårshelga, og nå er alle turbøkene i låglandet bytta ! Då er det berre å setje igong å samle nye turbesøk på desse turpostane: Nesdalsfjell, Fosstemmen, Håvehammar, Brynå, Tausanibbå og Høgafjell. Turbøkene i høgheiå blir bytta når vær og føre tillet det.
Også i 2023 gjekk Nesdalsfjell av med seieren for mest populære turpost, med over 1200 besøkande. Bravo !!
Men bildet over her er frå Tausanibbå, som er ein flott tupost på 500 moh. Hadde 204 beøkande i 2023.