Nytt frå Strandbuen
- Gunn Bente kjempar for ultralokal juletradisjon: – Eg er redd den kan forsvinna
- Jonas (17) og Ella (17) har blitt utfordret med helt nye oppgaver: – Det er mye å tenke på
- Kommunen bøyde av etter store protester – veiene blir likevel brøytet
- Måtte innstille alle ferjeavgangene – feilene er nå fikset
- Kjempestemning på låven – se alle bildene fra julemarkedet
Siste nytt
Stillas til leige
Vaske hus? Skifte kledning? Male? Moderne og brukervennlig Aluhak-stillas til leie
Fri frakt internt på Jøsneset ved leie over 4 uker! Ta kontakt med Thomas på 97519040 for pristilbud og reservasjon.
Torsdagstreningar 19.30
Ja, nå må me jo innrømma at det er lenge sidan det har vore SÅ fullt på fellestreningane (dette bildet blei tatt kort før pandemien). Men det pågår altså jamnt og trutt TORSDAGSTRENINGAR kl 19.30 i GYMSALEN. Av og til berre to - ofte 5-6-7 stk - av og til 10. Og altså god plass til fleire ! Treninga er open for alle som har lyst å bli i litt bedre form. Det er ca 10 min oppvarming, deretter styrke-og kondisjonsøkter, og til slutt ei god strekke-økt !! Treninga er open for alle og er gratis ! Velkommen. MVH Treningsgruppa v/Silje og Svanhild.
Medlemskap for treningsrommet - årsavgift
Heisann folkens. Me er godt inne i eit nytt treningsår, og det er på tide å fornye medlemskap Jøsneset trenigssenter. Avgifta er kr 400,- pr år, og det gjeld kalenderåret. Koden til inngangsdøra vil snart bli bytta ut, så dersom du fortsatt vil ha tilgang til treningsrom med utstyr/apparat og ein heil gymsal, ja då VIPPSAR du kr 400,- til Jøsneset Bygdaråd vippsnr 135092. Deretter sender du ein SMS til Silje 950 62 607, så vil du få ny kode til døra. Me ønskjer òg nye medlemmer velkomne !
Jøsneset - Løgnaste bygdå i Hjelmeland
På Humorbattle-showet 2023 på Samfunnshuset blei Jøsneset kåra til Hjelmelands mest humoristiske bygd. Det var 6 bygder som stilde med innslag, og juryen var Strand revylag. Jøsneset gjekk av med seieren med sin 10-minutters ferjereis med den stemmeaktiverte "MS Helium 3000" der medvirkande var høna Gunda, Silje Sværen, Solveig Bog og Sven Westersjø. Me e stolte - Gratulerar !
Innslaget kan du sjå her på JØSNESET SI OPNE FACEBOOKSIDE.
Årsmøte i Bygdarådet - 9. mars
Bygdarådet kallar inn til årsmøte på Grendahuset, torsdag 9. mars. Møtet tek til like etter at årsmøte til Bedehuset er ferdig (ca kl 18.50).
Legg merke til at det blir årsmøte for Jøsneset Ungdomslag på slutten av møte.
Innkallinga og årsmelding vil bli delt ut i posten snarast.
Du kan også lese innkallinga her.
Tid for årsmøte - 9.mars
Styret i bedehuset kallar inn til årsmøte torsdag 9. mars kl 18.30 på Grendahuset.
Du kan lese innkallinga her.
Årsmøte til Jøsneset Bygdaråd vil vere same kvelden, like etter at årsmøtet til Bedehuset er ferdig. Det vil komme innkalling og meir detaljer fra Bygdarådet innan kort tid.
Alle er vel møtt!
Styret for Bedehuset