Rørande og koseleg 17.maifeiring
Storslagen grunnlovsfeiring over heile landet....så òg på Jøsneset. Det var mykje som gjorde inntrykk sidan det var siste gongen Jøsneset skule stod sentralt i 17.mai-feiringa i bygda - men det som nok rørte dei aller fleste aller mest var den fantastisk flotte talen av dei tre 7.klassingane Ida, Tania og Sebastian
Fibernett-utbygging
LYSE hadde denne veka eit ope folkemøte om utbygging av Fibernett på Jøsneset. Det var ca 40 personar som møtte opp, og mange av desse teikna seg på som framtidige Altibox-kundar. LYSE var nøgd med responsen på møtet, og vil nå desse tre vekenummer 20. 21 og 22 fortsetje salget ved å ta kontakt med dei som tidlegare har meldt ifrå om interesse. For dei av dykk som enda ikkje har fått meldt frå om interesse, kan ta kontakt på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Hu Magnhild kjem....kjem du?
Magnhild Meltveit Kleppa hadde sin første lærarjobb på Jøsneset skule - og handskast då med denne herlege gjengen !! Hu Magnhild kjem på avslutningsfesten fredag 13.juni !! Då hadde det vel vore moro om ho hadde fått truffe sine første skulebarn igjen Alle av dei bur på Jøsneset/i distriktet. Så dette er muleg! Utfordringa går til dykk: Odd Magne, Jostein, Torkel, Margareth, Inge Torkel, Kurt, Lars Reidar: MELD DYKK PÅ FESTEN Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller 97007636. Til alle andre òg: Husk påmelding
Unge 17.-mai-talarar
Desse tre spreke 7.klasse-elevane på Jøsneset skule skal saman halde den historiske 17.mai-talen 2014. Tania Yu Auglend, Sebastian Altamirano og Ida Sværen Oaland er historiske fordi dei er tidenes siste avgangselevar frå Jøsneset skule, og historiske fordi de nok er tidenes yngste talarar her i bygda (12+12+13 år) og historiske fordi dei i år held sjølvaste Grunnlovsjubileums-talen. Dei unge talarane har synspunkt både på landet vårt, på 17.mai og på grunnlovsfeiringa...
Surrealistisk fabel med dybde i lesesirkelen
Berit T. Skiftun var spend på reaksjonane då ho delte ut "Og i mellom er der dører", skriven av broren Terje Bjørnø Torgersen, til dei kvalitetsbevisste damene i lesesirkelen. Alle fekk boka til odel og eige! Boka var utgiven på eige forlag, og forfattaren oppgir tidligare å ha "gitt ut to glass og en flaske australsk hvitvin gjennom et kjøkkenvindu på Storhaug".
JØSNESPOSTEN i salg
Den historiske 2014-utgåva av Jøsnesposten er nå i salg! Dette nummeret av den populære Jøsneset Skule-avia er historisk nettopp fordi det er siste året den blir produsert - om ein månad er jo skulen nedlagd !! Elevane på skulen har laga ei fyldig og fin avis, der du får masse nyttig og god informasjon om stort og smått som skjer i bygdene våre. Elevane har gått rundt i bygdene og seld avisa - har du ikkje sikra deg den, er den å få kjøpt på NAUSTE på Nesvik og på PRIXn i Vadla !!
Hjartemarsj 8.mai 2014
NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG
Torsdag 8.mai la seks vaksne og sju born ut på tur til Håvehammaren. Turen starta frå Foss og det var hengt opp 10 postar der alle skulle svare på spørsmål om ulike tema. tema for turen var Hjartemarsj så det var tid for både drøs og pausar på vegen opp. Vel på toppen med alle så var det utdeling av både nyttige og informative folderar, samt frukt av ulike type. Fasit på quiz spørsmåla vart også gjort på toppen, og ein kunne nyte ei flott utsikt over ei bygd som bada i kveldsol.
Takk for turen til alle dykk som var med å gjekk hjartemarsj.
PS: me håpar at det kan vera endå fleire som blir med på tur til neste år.