1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Laurdag 16. august blir det countrymusikk og meir eller mindre taktfaste steg å høyra frå Jøsneset skule!

Me startar i gymsalen klokka 12 og held på til ca. kl 17. Det blir ein god matpause undervegs.

Instruktør er Lisa Albrigtsen frå Huse på Jæren linedance-klubb.

Kurset kostar kr 400,- for vaksne og kr 200,- for barn.

For å berekna mat er det greit å vita ca. kor mange som kjem, så meld di interesse til Silje på tlf 95062607 eller epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Bestemmer du deg i siste liten er det fullt mogleg å berre møta fram i gymsalen klokka tolv - alle er velkomne!


"Sponsor" for kurset er Jøsneset ungdomslag

 

FaceBook
Facebook