-

HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR er eit årleg turarrangement på dei høgaste toppane på Jøsneset. Dette er ingen konkurranse om å gå raskast - dette er ei herleg vandring frå nut til nut med spektakulær utsikt og mange kjekke folk i løypa.  Arrangementet skjer kvart år 1. pinsedag, og i 2024 skjer det for 16.gong.  

Fosstemmen 380 moh er basen for arrangementet - hjarta i Jøsnesheia. Her ligg gapahuken "Kalvagaren".
Her er sekretariatet på plass heile dagen, med fyr i bålpanna, kaffe på kjelen og litt frukt og knask.  I vatnet er det kanoar og fine badeforhold. Her blir det trekning av premiar på slutten av dagen, ca kl 16.00
Og ved hytta Gunlabu , like før Gunlanuten, blir det etablert saft- og nøttestasjon. I 2024 blir den "betjent" frå ca kl 10.00 til ca kl 14.00.

På Fosstemmen vil det vere folk frå arrangøren til ca 16.30.  Gi beskjed om du kjem seinare i mål enn det.

Startpunkt er valfritt:
-Åsland:  dei fleste som går alle nutane startar nå på Åsland. Her treff du folk frå arrangøren mellom ca kl 08.00 - ca 09.30
-Fosstemmen: her treff du folk frå arrangøren frå ca kl 09.00 - og ut til arrangementslutt ca 16.30.
Du kjem deg til Fosstemmen til fots anten frå Foss (ca 2,5 km bratt skogsveg) eller frå Åsland (ca 3 km sti). Ingen kjøring på skogsvegen frå Foss, takk.   

Du kan elles velge å gå når du vil frå kor du vil - meld deg då på via sms  97007636
 og vippsbetaling 562037 Jøsneset Helselag.

Det er parkering både på Åsland og Foss. Følg deretter merka sti

 

Kartet under viser at parkering skjer på Foss eller Åsland.  Følg fylkesvegen frå Nesvik/RV13 og følg deretter skilt til anten Foss eller Åsland.

Alle løypene er merka og skilta i terrenget, og framgår av TURKART JØSNESET
Det er "lov" å gå kva ruter du vil, og gjerne umerka snarvegar - Men poenget er å kome deg opp på alle nutane for å kvalifisere til hovudpremiane og kalle deg ein HARDHAUS :-) 

Dersom du vel å gå alle 4 toppane, altså HARDHAUSEN, frå Åsland, er heile ruta ca 2 mil med retur tilbake til Åsland igjen. Sjå løypeprofil under.  Løypene går i skog og heiterreng, ein god del opp og ned, kneiker og toppar, og stort sett på sti (kun litt skogsveg).  Du må ha gode sko og gode klær, mat og drikke for ein lang dagstur.  Husk det kan bli kaldt i høgda.  Følg løypene dersom du ikkje er lokalkjent.  Røde Kors er på plass i basen på Fosstemmen, men vis aktsemd og tilpass lengda på turen etter formen din !

 


Premiering:
- Hovudpremie trekkes blant Hardhausen-deltakarane; dvs dei som har gått opp til alle 4 nutane Norda Høgaste, Gunlanuten, Røssenibben, Valafjell
- Hovudpremie trekkes blant 3-nutstur-deltakarane
- 2-3 mindre premiar trekkes blant dei andre deltakarane.
- 1-års-krus,  5-års-T-skjorte og 10-års-krus  (altså basert på antall gonger deltatt)

 

Arrangementet skjer i regi av:

FaceBook
Facebook