1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Utan tvil så var det Hanne Sørvaag som var stjernå,  stjal heila showet og sjarmerte alle i senk på Jøsneset 23.august - Ho leverte ein flott, intim og varm konsert saman med sin glitrande gitarist Svein Olav Hyttebakk. Mørke skyer stod i kø rundt solbygda....men det må ha vore magi i Sørvaag sin sang, for kun sola slapp inn - og varmen - og publikum kosa seg. Takk til Hanne - og til kulturleiar Eldfinn Austigard og Bulystprosjektet 24-7 som gjorde dette mulig - TAKK til alle engasjerte Jøsnesbuar som stod på frå fredag til søndag ! og ikkje minst TAKK til kvar og ein av dykk som stilde som publikum og deltakar !


Ikkje kvar dag det er ein berømt stjerne på Jøsneset - Hanne Sørvaag tok seg god tid, skreiv autografar og prata med folk.

 

Det var ein lang og aktiv dag på Jøsneset. Kl 10.30 starta Skiftudal Open volleyballturnering, og varte langt utover dagen.   8 lag kjempa mot kvarandre  - Fister Eldre Garde gjekk av med seieren....

 

....og etter konserten blei det grillmat og kos......og enda seinare utpå kvelden spelte Morten Paulsen opp til dans ......folk strøymde til igjen ......og regnet strøymde òg,, men folk prata, lo og dansa til langt på natt.

For ein mangfaldig, artig og minnerik dag - MEIR om denne dagen, og meir foto kjem etterkvart :-D

...foreløpig får me berre seie TAKK:-)

FaceBook
Facebook