1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Det er ikkje berre frukta som modnast i dei solvendte liane på Jøsneset - det gjer òg NEDENE  - dialektord for hasselnøtter.  På Jøsneset veks det masse hassel (eller hatlar som eldre jøsnesbuar nok ville sagt), og akkurat nå, på dei solrike vakre septemberdagane,  modnast dei veldig fort! Ta turen ut - er du heldig så finn du masse som har falt ned på bakken - klar til plukking, skund deg før ekornet tar de Wink

Hassel veks vilt "overalt", men likar seg godt i solvendte lier i utkant av beiter og skogsrender.  Det er flott å gå inn i ei hassellund. Leit på bakken, nå dett nøttene ned frå trærne og mange er godt modne. Leit godt, for små er de. 

 

Slik finn du dei gjerne nett no: solbrune og fine, og nøttene fyller heile skalet og er heilt modne. De løsnar frå hamsen og lette og plukke. Men de er små; mykje mindre enn kjøpenøttene frå Tyrkia og SørEuropa. Hasselnøtter - eller NEDER - har lange tradisjonar som matauk her til lands, heilt frå steinalderen blei dei rekna som verdifulle.  Nå kjenner me dei best som juleknask. Mange i bygda kjenner nok tradisjonen med å gå i liane å plukka nøtter til jul.  Lagrar du dei tørt og litt kjølig, så held dei seg til jul. Dei smakar kjempegodt ! Men ha litt tålmod, for dei er små  - typisk koseknask !

Lykka kan du finne ein varm haustdag i hasselskogen, finne seg ein stein å knekke sine sjølvplukka NEDER på  - smakar herleg av solvarme bakkarWink. Rike på vitamin E, fiber, jern og enumetta fett som er godt for hjerta og kolesterolet. Så då får du dobbel effekt av turen ut. 

Og dekorative er dei òg. Plukk posen full, ta med heim og kos deg utover hausten....eller spar de til jul. Kanskje det dukkar opp  ein "fillipine" og to òg !   Me skund deg ......før nøtteliten et de opp !! 

 

 

Foto: Svanhild H Gbada.

FaceBook
Facebook