1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Ta deg ein svipptur til Valafjell 713moh - på merka sti frå Foss. Følg skogsvegen til Skiftustølvatnet, vidare på sti i retning Gunlanuten. Ta av frå Gunlanutstien like ovanfor Grøna Lia. Stien er godt merka, og lyngen ligg nå "nedpå" så det er lett og fint og gå. Fin variasjon til Gunlanuten, om ein då ikkje gjer som tipsarane Ellen Mari og Odd - som gjekk begge toppane !!Wink  Foto: Ellen Mari Fosså

 

Flott utsikt er det frå Valafjell, der den ligg lengst ute på neset av dei høge toppane Røssenibben og Gunlanuten. Desse tre toppane er dei som utgjer 3-nutsturen som blir arrangert kvar pinse.

Det som er så flott med toppane i nærmiljøet denne sommaren - er at det er berre å "slå til" når himmelen ser ut som på bildet under:  snøre skoa og gå ut rett himante.  Slik været har vore denne sommaren er det flott å ha slike toppturar rett "utanfor stovedøra" utan behov for lang planlegging.

GOD TUR !!

Send oss gjerne ditt turtips - Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook
Facebook