1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Sjølv om det i den politiske debatten onsdag kveld både blei påstått at H/KrF driv med emissærtriksing og at AP driv med usakleg tåkeprat, så blei det halden ein god, allsidig og interessant debatt. Alle parti minus SV stilde til debatt med to representantar - og oppmøtet frå bygdefolket var bra - ca 45 stk derav både barn, ungdom og vaksne. Og debatten fekk fram skiljelinjer mellom dei ulike partia.

Det var folkeavrøystingsspørsmålet om kommunestruktur som skapte mest debatt og mest usemje. Spørsmålet som folket i Hjelmeland skal ta stilling til er: "«Skal Hjelmeland kommune arbeida vidare med å vurdera ny kommunestruktur i Ryfylke? Svar: Ja eller Nei.»

Dette spørsmålet meinte Jøsnesbu og AP-representant Oddvar Skiftun er ullent og uklart, og meiner at pådrivarane her H og KrF driv med emissærtriksing - der spørsmålsforma er slik at folk ikkje forstår det skikkeleg og dermed er usikre på kva dei skal svare. 

Dette fekk tidlegare Jøsnesbu og H-representant Henrik Nesvik til kvesse til, og repliserte at det er AP som driv tåkeprat rundt dette for å forvirre veljarane. Henrik meinte spørsmålet er klinkande klart; det inviterer til vidare utgreiing både nordover og sørover.

Det blei elles ein veldig god og engasjert debatt - politikarane var på hogget og ba om ordet - Det var mange tema; innsparingsprosessen, skule, barnehage, samferdsel, kommuneøkonomi, kommunestruktur, forlatte kommunale bygg mm. Det er ikkje skrive eit heilt fullstending referat der alle tema er med; men det er notert ned ein del frå første del av debatten i stikkordform: sjå HER

 

Elles var lokalavisa STRANDBUEN i salen, og noterte ned ein del av det som blei sagt:

 

Bra frammøte i salen - Bygdarådet serverte kaffe, te, kaker og saft - og plommer ! 

Jøsnesbu og AP-kandidat Oddvar Skiftun var aktiv i debatten

 

Johan Mjølhus har ein hemmeleg beundrar på Jøsneset - som muligens ønskjer han som ordførar.

 

...og her ein kar som heilt sikkert ønskjer å bli ordførar !! Mulig han her ber om støtte frå høgare makter ? Wink

 

TAKK TIL ALLE POLITIKARANE SOM STILDE TIL DEBATT OG SOM DELTOK AKTIVT OG ENGASJERT !!

Me står ovanfor eit svært viktig val i år  - både kommuneval og folkeavrøysting - Bruk stemmeretten - GODT VAL !!

Valdagen er mandag 14 september - Vallokalet Jøsneset: Jøsneset skule, gamlebygget kl 14.00 - 18.30.

Meir om valet finn du på Hjelmeland kommune.

Arrangør: Jøsneset Bygdaråd !!

 

 

FaceBook
Facebook