1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Ryfylke Visegruppe heldt ein vakker og melodiøs konsert på Jøsneset søndag kveld.  Her var det godt samspel, herleg gitarklang og vakre tonar frå vokalistane. Konserten varte i ein god time - og her var det gjenhør med gamle slagerar heilt tilbake til 1981 - og nyare stoff.

Gruppa var i bygda òg for 5 år sidan - denne gongen kom dei att med både nye låtar og ny vokalist - Anita Nyman Tønnesen. Anitas vakre, mjuke klang passa veldig godt til gruppas herlege akustiske gitarspel.  To av gruppemedlemmene har vore med her heilt sidan starten: Stein Endrsen gitar og Holger Austvoll gitar/vokal - i tilllegg Bjørn Aslaksen på gitar og Reidar Olsen på bass. Dette er folk som kan sine saker - og hadde dermed fortjent eit langt større publikum ein dei 23 som møtte opp i salen. Det relativt låge besøkstalet kan skuldast at det har vore tre andre konsertar i Hjelmeland denne veka.  Men Smile heldige oss som var der - Takk til Ryfylke Visegruppe !!

FaceBook
Facebook