Kven var gladast mon? Folket på Tonå? ....eller Kasper sjølv? Hunden Kasper dukka nemlig plutseleg opp att i heimen - etter å ha vore sporlaust forsvunnen i nesten ei veke. Familien Auglend og naboar/venner har leita og leita og leita- og Kasper har vore etterlyst i sosiale mediar. Han var borte med eit langt band/kjetting på seg - så matmor Anne frykta for at han hadde satt seg fast ein eller annan stad - ein situasjon som kunne blitt skjebnesvanger. Hennar teori er framleis at det var det som var skjedd; men Kasper må han ha klart å lirke seg ut av bandet heilt på eigen hand, for han dukka opp utan bandet. Dei siste dagane har fleire hørt hundebjeff i skogen på Foss - og her har det vore leita av fleire i alle krinkelkrokar. Men terrenget er kronglete og skogen tett - og bjeffa kom så sjeldan at det var vanskeleg å orientere seg kor det kom frå. Men - Kasper fiksa sakene sjølv til slutt - for plutselig stod han på døra heime på Tonå ørtidleg fredag morgon !! Ein lykkeleg slutt altså !!
Nytt frå Strandbuen
- – Eg meiner at vi skal takke dei som er fødde før 1980
- Kan få buss-ønske oppfylt – men då må ein annan avgang vekk
- Prøvde å få utsatt tvangsmulkt på gapahuk etter funn av reir – fikk blankt nei
- Rykka ut etter melding om røyk frå låve
- Kommer til Jørpeland for å demonstrere: – Eier av datasenter har blod på hendene