1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Puhh - det var denne gjengen som fekk bli med på å fullføre beisinga av gymbygget, pluss Sondre som gjekk før bildet blei tatt.  Med Unni i Bygdarådet som koordinator har det blitt utført 5 dugnadskveldar, 21 ulike personar har vore med - inkludert skifting av kledning framme i brystet på bygget. Eit godt stykke verdifullt arbeid er utført. Bygget skreik etter behandling - og sugde begjærleg til seg kvart eir penselstrøk - og fleire stader måtte det tas 2 strøk. Ja, så det gjekk på beisen -  ca 90 liter beis gjekk med. Men så er òg flatane store og veggane lange ;-) Well done, alle som har bidratt - inkludert god servering frå Ellen Mari sitt vaffel-og lappekjøkken !!

Ferie på Jøsneset er ikkje for pingler ! Ove Landa er hytteferierande på Nesvik - men stilde på maledugnad - og spratt til topps som ingenting. Rasin Tjeltveit, som har vore rektor på Jøsneset skule i mange, mange år - nå pensjonist - bidrog òg til at bygget fekk si etterlengta behandling. Dette bygget er jo Jøsnesbygda si storstove og grendehus - og det er veldig kjekt at bygget nå framstår som vakrare enn før 


Det var stor spenning til om den beisen holdt til siste hjørne av siste vegg på baksida- og ja, det holdt akkurat i kveld !! Fekk faktisk tatt ein lite strøk på leikehytta !
Det er Hjelmeland kommune som har betalt beisen - men alt arbeid utført av frivillige.

 

Skuleområdet er ein kjekk møteplass - og jentene hylte av fryd i den store reila medan siste strøket på bygget blei malt ! 

Bygget er ferdig beisa - men det er framleis mur, bord/benker,scene og leikeapparat som treng ein liten opp-shining, Bygdarådet kan kjøpe inn beis - har du lyst å bli med er det bare å ta kontakt !

FaceBook
Facebook