1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

-

For 11. gong har me gleda av å ønskje velkommen til Hardhausen - ei vandring frå topp til topp på Jøsneset. Alt er klar, bortsett frå værmeldinga: det meldes regn og 12 grader, så ha på gode klær, gode sko og mat og drikke i sekken. Me lovar fyr på bålet og varm kaffe frå kjelen !

På Gunlabu blir det påfyll av nøtter, saft og jødekaker, og ved målgang ved Fosstemmen står me klar med kaker, varm kaffe og frukt ! Premiane ligg klar, og i år er det 7 stk som kvalifiserer til 10-års-krusa om de fullfører. Så utfordringa i år går til: Berit og Jostein Hjorteland, Sigurd og Tove Opedal, Sylvia Frafjord, Anbjørn Vaage og Inge Torkel Skiftun.

Ellers blir det alternativ start for Hardhaus-ruta frå Åsland. På Åsland er det god parkering og oppslag om korleis du melder deg på. 
Ellers er gapahuken ved Fosstemmen som vanleg basen for arrangementet, og alle kan òg starte derfra.  Og alle skal i mål der.  Premieutdelinga skjer kl 15.00.

Alle får utdelt kart ved start, og løypene er merka. Men alle er ansvarlege for å ha gode klær, god nok form til toppturen og tilpasse turen etter værforholdet. Dette er eit sosialt og ikkje-konkurranseretta arrangement ! Så kos deg mens du er på veg ! Ta deg tid til ein prat med dei du møter undervegs og hjelp til om nokon er trøtte. 

Ha god tur og her er litt meir informasjon om Hardhausen

Velkommen

FaceBook
Facebook