Til avslutningsfesten for Jøsneset blei det produsert opp eit opplag av samleutgåva av Jøsnesposten, 32 årgangar frå 1982 til 2014 er nå samla i 2 tjukke bind.  Nå er det kun 20 eksemplarer igjen av dette unike ultra-lokalhistoriske verket på tilsaman 700 sider. Løp og kjøp !!

Mesteparten av samleutgåvene blei seld på avslutningsfesten, men det er framleis 20 eksemplarer igjen. Det er lite truleg at det blir trykt opp fleire, så dette er unike utgåver.

Dette er svært morosamt og interessant lesestoff for alle som er glade i Jøsneset, og ikkje minst for dei som sjølv har vore elev eller hatt barn som elevar på skulen ila dei siste 32 år Jøsnesposten er blitt produsert.  Her er mange intervjuer med bygdefolk opp gjennom åra, smånytt, forteljingar ....ja, samlinga kan på mange måtar sjåast på som eit lokalhistorisk dokument. Samleutgåva kan danne grunnlag for mange gode Jøsnes-quissar i framtida :-)

Det var relativt mykje frivillig arbeid som blei lagt ned for å få produsert denne samleutgåva.
Prisen er difor kr 500,-

Pengane vil i sin heilskap gå til BULYST-TILTAK på Jøsneset.
I vinter hadde med ein vaffel-kveld med idèmyldring  -  her kom det inn mange idear frå folk i bygda - og me håpar å bruke inntekta frå avis-salget til eitt av desse konkrete bulyst-tiltaka. Meir info om det kjem !

Har du lyst å kjøpe avisa; ta kontakt med Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller SMS til Svanhild 97 00 76 36.

FaceBook
Facebook