Jøsneset Bygdaråd - bulystgruppa - inviterte heile bygda til felles nyttårsfeiring tidlegare i haust. Det meldte seg ein god del interesserte og det blei nedsett ein frivillig komitè som koordinerte og ordna til.  Kvelden kom og over 50 stk strøyma på med kvar sine fantastiske matfat. Det blei ein herlig og koseleg kveld både for små og store - og vil nok gå inn i historia som den kvelden med herligast mat, deiligaste dessertar og nydeligaste kaker :-)

Kl 19 var salen pynta og lysa tende - me venta berre på gjestene.....og maten. For opplegget var slik at kvar familie tok med kvart sitt matbidrag til felles matbuffet. Og det strøymde på med dei deiligaste rettar - joda, Jøsnesbuen kan det der med mat!

 

Her var det oksesteik, laks, fenalår, kyllingvinger, kyllinglår, vaktelegg, kjøttboller, vårrullar, pastasalat, couscoussalat, potetsalat, frisk salat, deilige ostar, brød og lasagne, fylte skinkerullar osv osv osv

Me fekk god tid til mat og prat

 

Koselig pynta bord - og tid til både ein og to quizz - og meir kaffe, kake og prat

 

Familien Oaland/Sværen hadde pynta med Kalvagaren av kransekake/pepparkakedeig - og jammen tok Maria og Josef også turen innom.

Ungane hadde ein kjempekveld: det var pingpong på gangen, knallertar på skuleplassen, party på lageret.....og jammen var det englar i ribbeveggen ogsåSmile

Forresten så var også KONGEN innom ....for ingen nyttår uten KONGENS TALE,  men stakkars konge; han blei VINKA litt ut på sidelinja bokstavleg talt -  av sjølvaste "ORDFØRAREN"  - ho ville jo òg ha eit nyttårsord med i laget - så, ja.......kva ho sa?  Tja, det er det berre festlyden som veit....GODT NYTTÅR, iallefall !!!

Det gjekk slag i slag med mat - Først middagsmat-buffet og så laaaangt dessertbord og kaffe.....og så ein øøøøøørliten pause - så blei det dessertbord igjen med dei nydeligaste kaker, sjokoladekaker, festkaker, ostekaker, moltekrem, DronningMaud, sitronfromasje, Brownies, Muffins....oohh what a night ......og så rakettskyting .......og så blei ALT maten satt ut på bordet igjen etter 12 .... !  Trur nok alle gjekk temmeleg skakk-mette heim frå denne nytttårsfesten, ja !

TUSEN HJARTELEG TAKK til alle deltakarar på festen som bidrog med den fantastiske maten og den gode stemninga !!!

Og takk for ein vellykka kveld for store og små  - kanskje det blir "same procedyre every year" ....med eller utan James.



Jøsneset by night - "downtown" Wink  Nyttårsafta 2014/2015.

FaceBook
Facebook