Under budsjettbehandlinga 12.12.07, sa kommunestyret JA til scene i gymsalen på Jøsneset ! Dermed har fleirtalet av politikarane halde det dei lovte på valkamp-møtet i september.
Som kjent har Ungdomslaget garantert for inntil 1/3 av kostnadene, avgrensa oppad til 250 000,- dersom kommunen òg bidreg med 1/3. Dette gjekk altså inn i kommunebudsjettet.
Eit av fleire vilkår knytt til garantien frå Ungdomslaget er at bygget skal frå grendehus-status, i tillegg til det primære som er gymsal/skule.
Då er me kome eit gledeleg skritt vidare mot realisering. Neste skritt i finansieringsplanen er 1/3 tippemidler. Søknadsprosessen er allereie i full sving, og søknad blir sendt til Fylkeskommunen i starten på januar 08.
Nytt frå Strandbuen
- Rykka ut til trafikkulykke
- 17. mai-arrangør Mads er gladare i frivillig arbeid enn dei fleste: – Når kona kallar husvasken for dugnad, er eg med
- Hundrevis av elever på Tinestafetten – se alle bildene her
- Advarer 4,5 millioner Vipps-kunder: – Alle må være svært varsomme
- 16 gårdsbruk ble lagt under vann - i dag er denne bygda blant Norges rikeste