Kva likar du best? Bake eller smake ?? Tysdag 5. desember kan du både bake og smake, eller berre smake ! På Jøsneset grendahus - sjå berre her:
Først baking frå kl 18.00 : Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor deig av din ønska kakesort - (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn) - og kom heim med x antall sortar - alt etter kor mange som møter opp. Raskt - effektivt - sosialt ! SMS Svanhild 97 00 76 36 og gi beskjed om kva sort du ønskjer å ta med
Så smaking ca kl 19.45 - ALLE velkomne
anten du har baka eller ei ! Kom gjerne berre innom for å smake, prate og ein kopp kaffe.
Velkommen til ein sosial og nyttig julekakebakesmakekveld !
Anne og Svanhild