Kommunen fornyar sine turstikart - og her er Håvehammar aktuell.
Desse tursti-forslaga blir nå presentert i ny lay-out og nå på nett.
Jøsneset sitt bidrag er den populære HÅVEHAMMAR !
Den finn du nå òg skildra på: www.hjelmeland.kommune.no
Bla deg ned til pdf-filene nederst - der finn du turskildringane.
Me gjer merksame på eit par små tekstfeil.....er du orntlig kjendt på Jøsneset, så finn du nok dei. Kommunen vil forøvrig rette de opp etterkvart.
Turen til Håvehammar finn du òg skildra i vår eigen Jøsnes-tursti-brosjyre: den får du kjøpt hos Cesilie på Nauste i Nesvik.
Og elles ligg òg oppdatert turstikart over heile Jøsneset med turskildringar på vår eiga nettside: klikk på TURSTIAR i venstremenyen. Goooood tur i nydeleg terreng !!