Våre naboar nord i Imsland har sendt oss invitasjon til ei ny utfordring dagen etter Hardhausen. Då går det populære Ølmedalen rundt av stabelen i Imsland. Du treng ikkje vere topptrent som Petter Northug for å delta her; det er òg barne-og trimklassar. Løpet trekk hundrevis av folk kvar år, så dette er gøy ! Me blestar om arrangementet deira, mot at dei kanske blestar litt om vår Hardhaus, så følg med på Imsland sine heimesider. Klikk på bildet, så får du plakaten og meir info.