Nytt frå Strandbuen
- Lokal mann tiltalt for hele 14 bedrageri – skal ha lurt til seg over 100.000 kroner
- Rykka ut til trafikkulykke
- 17. mai-arrangør Mads er gladare i frivillig arbeid enn dei fleste: – Når kona kallar husvasken for dugnad, er eg med
- Hundrevis av elever på Tinestafetten – se alle bildene her
- Advarer 4,5 millioner Vipps-kunder: – Alle må være svært varsomme
Valdag mandag 11 september
Måndag 11. september er den store valdagen i Norge ! Då er det både kommune-og fylkestingsval + kyrkjeval. Begge desse vala finn stad på Jøsneset Grendasenter, Jøsnesvegen 231, nærare bestemt i dei to gamle klasseromma på gamleskulen, to ulike inngangar.
Meir info her om: KOMMUNE-OG FYLKESTINGVAL og om KYRKJEVAL.
Opningstidene er kl 14.00 - 18.30.
GODT VAL !!
Velkommen til lesesirkel 6. september
Første onsdag i månaden samlast leseglade jøsnesbuar i biblioteket på Grendahuset. No er hausten i anmarsj, og me starter opp igjen denne veka, onsdag 19:30.
Alle er velkomne!
Informasjon om behandling på Fosså i veke 36
«Restefest» for Smashing-frivillige
Alle som har jobba med bygging av ny terrasse, opprusting av ballbinge samt stått på før, under og etter Smashing Jøsneset er invitert til grillfest på Grendahuset laurdag 12 . august kl 18:30!
Det blir servert god mat og drikke på den nye «VIP-tribunen», og metereologane melder om sol ☀️
Stengt treningsrom og ballbinge under Smashing
På grunn av Smashing Jøsneset er treningsrommet og ballbingen stengt laurdag 5/8
Hjelp til rigging og nedrigg for Smashing
Det blir rigging til konserten torsdag 3/8 klokka 18 og nedrigg søndag 6/8 klokka 12. Alle frivillige blir inviterte til restefest på Grendahuset!
Har du anledning til å ta i eit tak så kontakt Odd tlf 97705273