Nytt frå Strandbuen
- Denne boligen gikk for 5,5 millioner – se hvem som har kjøpt og solgt eiendommer
- Prissmell for industrikai – vil kosta titals millionar meir enn planlagt
- Det har vore utfordrande å driva leirstaden – så gjorde NMS grep som har gitt Terje pluss i boka
- Alf Per jubler for ferjeforslag – mens andre er misfornøyde
- Ferjetur utgår
Siste nytt
Påskebadet !!
Påskeliv er ikkje berre ski og appelsiner: men også bading!! Her er det friskusen Tobias Skjennum Vigesdal frå Sandes som tar årets første bad i Nesvikstranda tirsdag i påskeveka.....ansiktsuttrykket fortel vel det meste om temperaturen
Totalforbud mot bålbrenning
Konstituert brannsjef Johan Mjølhus melder at det nå er totalforbod mot open ild og brenning ute i terrenget i Hjelmeland fram til det generelle forbodet 15.april. Det er svært tørt i gras og utmark, så vær OBS !
Send oss dine PÅSKEBILDER
Så var dei endeleg her igjen...tjelde-paret som kjem att vår etter vår på den same steinen i Skiftustranda - litt seint i år i den kalde våren, men dei kom, og dei er eit like sikkert tidleg vårteikn som lamma i sauefjøsa, som gåsungane som snart sprett ut, som krokusar og snøklokker. Send oss foto av eit vårteikn og/eller ei fin påskesteming; på tur, i hagen, på sjøen ......Foto sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Første lam på Jøsneset?
Det er kome lam på Åsland! Anniken, Ronja og far Eilef Foss lurer på om det er dei første lamma i vår på Jøsneset? Lamma vart fødde 21.03.13, og det er kome 5 lam til no.
Takk for bidrag til Fasteaksjonen
Denne veka gjekk dei 6 konfirmantane i bygda rundt frå hus til hus med bøsser: innsamling til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Det var Helga Havnerås som kooridinerte innsamlinga og som frakta bøssene vidare. Ho fortel at dei samla inn kr 5 666,- her på Jøsneset. Og konfirmantane fortel at dei blei tatt godt imot hjå folk. Så ein isande kald dag til trass: dei fekk varm velkomst! Takk til alle som bidrog.
RiksvegRiddarane trør til igjen
, og høyr den flotte musikkvideoen frå Suldal Billag....og ser du nøye etter, så ser du ein og annan lokal skulebuss-sjåfør frå Jøsneset og Jøsenfjorden som òg har kasta seg ut i showbuiss og dansar med kostane....IIIIIHAAA...siktar mot stjernenePåsken på MIXn Nauste
Cesilie på MIXn Nauste melder at dei har opent kvar dag i påsken frå kl 10.00 - 21.00 f.o.m palmefredag 22.mars t.o.m 2.påskedag 1.april .....så løp og kjøp