Nytt frå Strandbuen
- – Hvor blir det av folk på min alder i de lokale debattene?
- Spesielt småbruk solgt etter heftig budrunde: – Både selger og kjøper jublet
- Slik har Kari tryllet frem drømmehagen på et lite område
- Maren blei ikkje overbevist på folkemøtet – Kjell Ivar blei endå sikrare
- Dette var spørsmåla frå publikum – Nour lurte på korleis folket ville bli høyrd
Vil du bli med og spela fotball?
Alle som har lyst er velkomne til å spela uhøgtideleg fotball i ballbingen, onsdagar klokka 19!
Har du spørsmål kan du ta kontakt med "lagleiar" Tor Magne Skiftun, tlf 99577155
Påskebasar Jøsneset bedehus
Onsdag 27. mars kl 18.30 på Jøsneset Bedehus
Andakt ved Ådne Skiftun
Matsal i kjellaren. Utlodning med mange fine gevinstar
Du kan allereie nå kjøpa lodd på VIPPS: 10 kr pr lodd Jøsneset Bedehus sitt VIPPSnr: 612108
Deretter må du senda ein SMS med kven lodda skal stå på, og evt. om nokon av lodda skal vera i barneboka, til Ellen Mari Fosså sitt mobil nr: 92 46 36 75
Me har alt fått inn mange gevinstar, men tek gjerne imot fleire.
Vel møtt til alle!
Ny jøsnesbu
Det er blitt såpass sjelden kost med nye jøsnesbuar at Bygdarådet gjorde litt ekstra stas på den yngste innbyggaren
Johan Fosså og Tone Tårland fekk ei fin, lita jøsnesjente som framover kan nyta utsikten over Solbygda og fjorden. Leiar i Bygdarådet ønskte henne velkommen med blomar, og me håper å dela ut fleire slike bukettar framover!
Ny mur ved ballbingen
Uteområdet ved ballbingen har fått ein ny natursteinsmur lødd av Leiv Nesvik, med god hjelp frå fleire frivillige i bygda. Resultatet er fantastisk flott!
Tid for å betala treningsavgift
For kun kr 400,- får du tilgang til treningsrom og gymsal på Grendahuset heile 2024! NB!! NYTT VIPPSNUMMER 911348