Nytt frå Strandbuen
- Spesielt småbruk solgt etter heftig budrunde: – Både selger og kjøper jublet
- Slik har Kari tryllet frem drømmehagen på et lite område
- Maren blei ikkje overbevist på folkemøtet – Kjell Ivar blei endå sikrare
- Dette var spørsmåla frå publikum – Nour lurte på korleis folket ville bli høyrd
- Vil sjå framover: – Eit datasenter kan få snøballen til å rulla
Fullsett Basarkveld
Ingen påske utan BEDEHUSBASAREN, og slik vart det òg i år. Styret i Bedehuset skipar til god, gammeldags basar der inntekta går til naudsynt vedlikehald av bedehuset i bygda. Basaren er ein populær begivenhet; ikkje minst for tilreisande påskegjester. Bedehuset var fullsett denne kvelden, og leiar i bedehusstyret Trygve Brandal var nøgd.
Våronn i Nesvik
Me har mottatt fleire påskebilder frå Nesvik, og her er det vårstemning: Lars Reidar og Sigbjørn Nesvik er tidleg ute med våronna i skråninga ned mot båthamna. Det er nok mange bønder rundt om i Norges land som kunne tenkt seg og gjort det same nå; men kulden og snødekket over landet gjer nok sitt til at dei fleste må vente litt til.
Påskebadet !!
Påskeliv er ikkje berre ski og appelsiner: men også bading!! Her er det friskusen Tobias Skjennum Vigesdal frå Sandes som tar årets første bad i Nesvikstranda tirsdag i påskeveka.....ansiktsuttrykket fortel vel det meste om temperaturen
Totalforbud mot bålbrenning
Konstituert brannsjef Johan Mjølhus melder at det nå er totalforbod mot open ild og brenning ute i terrenget i Hjelmeland fram til det generelle forbodet 15.april. Det er svært tørt i gras og utmark, så vær OBS !
Send oss dine PÅSKEBILDER
Så var dei endeleg her igjen...tjelde-paret som kjem att vår etter vår på den same steinen i Skiftustranda - litt seint i år i den kalde våren, men dei kom, og dei er eit like sikkert tidleg vårteikn som lamma i sauefjøsa, som gåsungane som snart sprett ut, som krokusar og snøklokker. Send oss foto av eit vårteikn og/eller ei fin påskesteming; på tur, i hagen, på sjøen ......Foto sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Første lam på Jøsneset?
Det er kome lam på Åsland! Anniken, Ronja og far Eilef Foss lurer på om det er dei første lamma i vår på Jøsneset? Lamma vart fødde 21.03.13, og det er kome 5 lam til no.
Takk for bidrag til Fasteaksjonen
Denne veka gjekk dei 6 konfirmantane i bygda rundt frå hus til hus med bøsser: innsamling til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Det var Helga Havnerås som kooridinerte innsamlinga og som frakta bøssene vidare. Ho fortel at dei samla inn kr 5 666,- her på Jøsneset. Og konfirmantane fortel at dei blei tatt godt imot hjå folk. Så ein isande kald dag til trass: dei fekk varm velkomst! Takk til alle som bidrog.