Nytt frå Strandbuen
- Mange møtte opp på torget – fekk høyra fleire klare ord mot datasenter
- Jorunn aksjonerte mot Ryfast-bompengar: – Eg kjempar for dei svake
- Sjå bilde frå Ryfast-aksjonen
- Hilde (33) elsker å fornye hjemmet: – Nå vil jeg ha masse farger
- Imponerende samarbeid fikk hardt skadet mann ned fra fjellet: – Turfølget hadde griseflaks
Siste nytt
Referat møte i bygdarådet 31.03.2022
Torsdag 31. mars hadde det nye bygdarådet sitt første møte.
Referatet kan du lese her.
Årets 17.maifeiring blir lagt til den 16. mai
17.maikomitéen vil i år prøve noko nytt slik at flest mogleg kan få vere med på feiringa her på Jøsneset. Feiringa vil difor bli lagt til den 16. mai, som er ein måndag. Dei håper at fleire vil ha anledning til å komme dersom det blir i forbindelse med ei langhelg.
HARDHAUSEN 2022 - 1. pinsedag
Me er klar for HARDHAUSEN og 3-nutstur 1. pinsedag 5 juni 2022. Nå i normal form igjen, etter to år med korona-light-variant! Det betyr at årets arrangement blir avvikla på ein og same dag: søndag 5. juni . Og at det igjen blir sosial samling og felles base ved gapahuken på Fosstemmen !! Her blir sekretariatet på plass heile dagen, med fyr i bålpanna og premiering på slutten av dagen. Her finn du meir info om arrangementet, og elles kjem meir spesifikt om årets arrangement etterkvart ! Vktig nå: Set av datoen !!!
Påskebasar 13. april
Onsdag 13. april kl 19.00 blir det Påskebasar på Jøsneset.
Endelig kan me møtast igjen, og difor blir det i år tradisjonell basar på Bedehuset.
Strikkekveld 23.mars
Minner om strikkekveld - Trivselstova - onsdag 23. mars kl 19.00 - 21.00