1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Du har sikkert sett dei allereie - brune, slimete skapningar som tyt fram i hagen og i vegkanten. Søndag 16. juni blir det derfor felles snegleaksjon i bygda

 

Dei fleste sneglane er framleis ganske små, men ein del feite beist er også observert. Gjer ein innsats no, så slepp du å vassa i slimete skapningar resten av sommaren!

Slik gjer du:

Finn deg ei bøtte eller liknande med lokk. Ta deg ein tur i hagen, langs vegen og andre stader du veit sneglane likar seg. Plukk så mange sneglar du kan kvar kveld fram til søndag. Det er best å gå ut seint om kvelden/tidlig om morgonen; sneglane gøymer seg vekk om dagen hvis det er tørt. Husk at dei fleste sneglane no er ganske små, så det er viktig å sjå godt etter nede i graset og under planter.

Søndag 16. juni klokka 18:00 tek du med deg bøtta med godsakene til gardstunet hos Silje Sværen og Øyvind Oaland. Her får sneglane seg eit bad i Nemaslug, slik at dei blir smitta med snegleparasitter. Desse tek du med deg heim, og legg dei ut som åte for andre snegler. Ta også med ei tom brusflaske, så kan du få med deg Nemaslug-løysing som kan dusjast over komposthaug, grønnsakbed og andre stader du veit det vanligvis er mykje snegler.

Vel møtt til ein slimete søndag!

FaceBook
Facebook