1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 
Her er den vesle boka om den gamle sauebonden, som skapte både lang og god debatt i Lesesirkelen denne veka. Boka "Svar på brev frå Helga" handlar om den 90 år gamle sauebonden frå den islandske landbygda som endeleg "mannar seg opp" og svarar på brevet frå elskerinna Helga.

 

 

Boka handlar om den gifte, trauste sauebonden som hadde eit kort/heitt forhold til nabokona Helga - dette ga konsekvensar for heile hans lange liv  - og utfordra han på store, viktige val i livet. Sauebonden var Sauebonde med stor S - og med hans stolte bygdeidentitet valde han strevet på bygda framfor kjærleiken i byen......det er dette valet han fabulerer kring i boka....eller i brevet, som det eigentleg var - brevet til elskerinna, som han endeleg fekk skrive.

Boka skapte ulike opplevingar for medlemmene i lesesirkelen; alle opplevde det nynorske språket som utfordrande : nokon kom ikkje til endes i boka både pga språk og innhald. Andre lot seg fascinere av både språk og innhald og likte boka svært godt.  Men noko sært er det nok. Her er nokre av kommentarane frå lesesirkelen:

"Forunderlig historie i en språkdrakt som kler historien, men tung å lese og komme inn i"

"Gode skildringar av menneskje og kultur frå islands gamle kultur. Levande karakterer, lun humor, rørande og litt tungt språk"

"Om tapt kjærlighet med språklig krydder"

"Tragikomisk"

"Eineståande skildring om folk, livet, landskapet og viktige val i livet. Sær, humoristisk og tragisk"

"Nydeleg språk, sjølv om mange av orda var heilt ukjende. Flott skidring av natur og det gamle bygdesamfunnet. Forteljingane til den gamle var både morsomme og rørande"

Lesesirkelen gir terningkast - og boka fekk eit gjennomsnitt terningkast på FIRE.

 

Neste bok: Nok ein gong hoppar Lesesirkelen over til eit anna miljø og tema:

"Hitler - min nabo" - dette er den sanne historia skriven av Edgar Feuchtwanger - den vesle jødegutten som vaks opp i nabohuset til Hitler.

 

FaceBook
Facebook