1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Det var godt frammøte og mange tema til drøfting på  Bygdarådet sitt årsmøte sist veke, tirsdag 18 februar.  Medan marsipankaka sveiv rundt det store bordet og kaffekoppane blei tømt blei det gitt informasjon og det kom mange idèar for vidare arbeid for bygda framover.

 

Det var leiar Berit Hjorteland som òg leia møtet, og gjekk gjennom årsmelding, årsrekneskap og andre saker. Det har vore eit travelt år for Bygdarådet, der tapet om kampen om lokalskulen stod sentralt. Bygdarådet engasjerte seg som kjent aktivt for skulen, men nedlegginga er eit faktum - noko som òg påverkar barnehagen på sitt vis.   På denne måten forsvinn òg lokale arbeidsplasser ut av bygda, og me står att med tome bygningar.  Bygda har ein del utfordringar omkring vekst og utvikling for åra framover, og framtida kring skuleområdet/bygningane blei drøfta. 

Bygdarådet ønskjer å vidareføre Bulystarbeidet (eit større prosjekt som dei har vore deltakarar i, men som blir avslutta seinsommaren i år), og det blir nedsett ein eigen komitè som skal arbeide spesielt med det.

Det er òg nedsett ein komitè som skal organisere og arrangere skuleavslutninga til sommaren; den siste i vår historie her i bygda!! 

Elles var komitè -og lagsarbeid i bygda eit eige tema på årsmøtet: kan me organisere frivillig arbeid i bygda på ein annan måte?  Temaet er òg lufta for styra i Ungdomslaget og Helselaget, som kvar for seg og gjerne saman bør diskutere dette. Alle laga er kvar for seg ulike og viktige! Men det kan vere utfordrande for ei lita bygd å skaffe nok styremedlemmer og stort engasjement heile tida. God diskusjon, mange idear og synspunkt, men sjølvsagt ingen konklusjon.

Berit Hjorteland og Silje Svære har begge vore med i styret i 6 år, og dermed gjekk begge ut.  Blomster og takkeord til dei!! Berit har dei siste åra vore leiar.  

Odd Fosså blei vald som ny leiar, og Unni Fossaa og Svanhild Hjorteland Gbada blei valde inn som nye styremedlem. Sven Westersjø, Cesilie Wåland held fram i styret som før.

 

FaceBook
Facebook