1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

På sjølvaste kvinnedagen strøymde små og store Jøsnesbuar til Gullingen for å delta i det prestisjetunge Jøsnesmeisterskapet på ski, det første i sitt slag. 

Det blei ein fartsfylt dag med banebrytande skiteknikkar, celebre gjester og kraftige røyksignal

Etter høljande regn og flaum fredag, var det fantastisk å få ein dag med både snø og sol i heia! Som seg hør og bør på kvinnedagen, sat Lene behageleg i ein campingstol medan Sven grov grillplass i snøen. Løypetraseen var merka med norske flagg, og deltakarane gjorde seg klare til start.

Vebjørn konstaterte at smøringa frå i fjor sikkert klaffa med dagens føre, medan ordførar Trine og prinsesse Gullhår la på raust med leppestift. Den russiske mafiosobossen hadde reist frå ski og stavar, og måtte sjå det heile frå sidelinja.

Første pulje ut var ungane i barnehagen. Både stil og innsats sto til gull; her mangla det ikkje på talent!

Full konsentrasjon før start!

 


Så var det småskulen sin tur. Også i denne klassen var det full innsats, og humøret var på topp!

 

Ser ut til at ordføraren er nøgd med oppstillinga, medan den mystiske livvakten helst ikkje vil visa andletet på biletet

 


Neste klasse ut i løypa var storskulen, og her var ikkje det viktigaste å delta, men å vinna! Tania raste inn til ein klar førsteplass, medan det blei kamp på kniven, først mellom Kristiane og Vebjørn og så Runar og Elise, om å passera målstreken først. Alle løparane kom i mål uten fall og ulykker. Me spår at den nye "Vebjørn-stilen" om kort tid vil revolusjonera langrennssporten!

Tania fossar avgårde i tet


Til slutt var det duka for den mest spektakulære klassen, nemlig seniorane. Daniel stilte i proft skiantrekk og perfekt preppa ski, medan Kåre lente seg på årelang erfaring. Dei to kvinnelege deltakarane slapp med berre to mot mennenes tre rundar, både fordi det trass alt VAR 8. mars og fordi dei hadde satsa på håplause løpsantrekk - skjørt. Med tjukke lag raud leppestift var det vel og fare for at dei hadde smørt seg vekk.

Ikkje uventa raste Daniel inn til ein klar siger, med Kåre på ein sterkt andreplass

Ingenting å utsetja på stilen her!


Ordføraren fekk svi for å ha teke det smale skjørtet, og måtte staka seg fram det meste av løpet.

 

Så var det duka for den høgtidelege premiesermonien. Det vanka blomar, medalje og heder til alle deltakarane.

"Nei, e det itjn Torkel! Jammen bra æ hadd investert det vi spart på nedlegginga på Jøsneset i nytt antrækk og smink!"

 

Ikkje nok med at vår eigen ordførar sto for premieringa; ordføraren i nabokommunen dukka og opp for å kasta glans over denne høgtidsstunda! Klok av skade haldt han seg litt på avstand frå den blonde kollegaen, og sto i mot både freistande blunk og slengkyss.

 

Etter denne fysiske og mentale utblåsinga gjorde det godt med grilla pølser - sjølv om dei kanskje blei mest røykte.......

 

Takk for ein flott dag i snøen, og velkommen igjen neste år!

 

 

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook