1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Odd Fosså blei på årsmøtet i Bygdarådet vald til ny leiar.  Det nye styret har elles konstiutert seg slik: Sven Westersjø kasserar, Cesilie Wåland innkjøpsansvarleg, Unni Fossaa(ny) Trivselstoveansvarleg og Svanhild Hjorteland Gbada(ny) sekretær

 

Informasjon frå Bygdarådet vil bli lagt ut i venstremenyen "Lag/organisasjonar" - "Bygdarådet", sjå HERHer finn de årsmelding 2013, årsmøtereferat frå årsmøtet 18.02.14 og styremøtereferat 05.03.14 + tidlegare dokument.

Styremøtereferat vil bli lagt ut her etter kvart møte.  Ev skriv/uttalar o.l vil òg bli lagt ut på same stad, så godt det lar seg gjere.

Bygdarådet tek gjerne imot både ris og ros, innspel og kommentarar og gjerne tisp/idèar til nye og pågåande saker.
Ta kontakt med leiar Odd eller andre i styret, eller send ein mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Info om Trivelstova inkl kontaktinfo finn de òg i venstremenyen under "Trivselstova"

Kontaktinfo til dei enkelte styremedlemmer ligg i styremøtereferat 05.03.14.

 

Første arrangement i regi av Bygdarådet er "Den internasjonale Vaffeldagen" tirs 25 mars kl 18, sjå eigen artikkel.

Elles blei det på årsmøtet vedtatt at Bygdarådet fekk ansvar for å nedsette ein festkomitè for Avslutningsfest for Jøsneset skule. Dette er nå gjort og komiteen består av følgjande: Svanhild Hjorteland Gbada (Bygdarådet), Rasin Tjeltveit (rektor), Odd Fosså (Bygdarådet/foreldregruppa), Vebjørn Fosså(elevgruppa), Anne Auglend (SU/foreldregruppa), Ola Skiftun (lærargruppa), Silje Sværen(foreldregruppa).

 

 

 

FaceBook
Facebook