1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Den historiske 2014-utgåva av Jøsnesposten er nå i salg!  Dette nummeret av den populære Jøsneset Skule-avia er historisk nettopp fordi det er siste året den blir produsert - om ein månad er jo skulen nedlagd !!  Elevane på skulen har laga ei fyldig og fin avis, der du får masse nyttig og god informasjon om stort og smått som skjer i bygdene våre. Elevane har gått rundt i bygdene og seld avisa - har du ikkje sikra deg den, er den å få kjøpt på NAUSTE på Nesvik og på PRIXn  i Vadla  !!

Festkomiteen for avslutningsfesten for Jøsneset skule jobbar òg med å få trykke opp "samlede verker" av Jøsnesposten. Me har samla saman alle dei 31 årgangane, og tilsaman blir det ca 700 sider lokalt lesestoff. Me arbeidar med å få prisen overkommeleg, og håpar å kunne tilby dette "verket" før avslutningsfesten.

Elles er det òg ivrige sjeler som brenn for at JØSNESPOSTEN bør overleve, sjølv om skulen forsvinn - men då kanskje i ein litt anna variant. Det blir spennande å sjå kva som dukkar opp utpå vårparten 2015 !!!

Men nå altså : Løp og kjøp JØSNESPOSTEN 2014 !!1

FaceBook
Facebook