1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Storslagen grunnlovsfeiring over heile landet....så òg på Jøsneset. Det var mykje som gjorde inntrykk sidan det var siste gongen Jøsneset skule stod sentralt i 17.mai-feiringa i bygda  - men det som nok rørte dei aller fleste aller mest var den fantastisk flotte talen av dei tre 7.klassingane Ida, Tania og Sebastian

Talen var personleg og nær, men samstundes òg nasjonal og internasjonal. Dei skua bakover til grunnlovsskrivinga i 1814, samstundes som dei skua framover og undra seg over kva framtida kjem til å bringe. Borna drog paralellar frå sin eigen kvardag og sin eigen skule - til forholda for andre barn i fattige/ufrie land, og uttrykte glede over at dei lever i eit land med demokrati og ytringsfrihet. Mange gode, sterke ord frå sterke born - som delvis heldt talen utan bruk av manus ! Me ropar eit høgt HURRA for dei ypperlege talarane som gjorde det kort, presist, personleg, og siste del bestod av eit dikt akkompagnert av lett gitarspeling - genialt Wink

Her kan du få høyre nokre uredigerte/litt usamanhengjande utdrag av talen:

 

.be">
.be

 

Det var altså i år siste gongen Jøsneset skule si lokalproduserte skulefane fekk ut å vaie i vinden saman med stolte lærarar og syngande barn. Her rektor Rasin og lærarane Berit, Helga og Ola - som tilsaman har tiår på tiår av 17.mai-tog-gåing saman med skuleelevane......toget blir nok ikkje nett det same utan dette bidraget - men TOG skal det bli !!

17-mai toget leda an av Øyvind og resten av komiteen - me gjekk frå branngarasjen til Austad t/r - medan kyrne og kalvane til Silje hoppte og sprang med halane rett til værs ---på 17.mai skal trass alt alle tradisjonar haldast i hevd, og alle være med !

 


Barneflokken samla seg under fanene på skuleplassen.

 

Etter talen og matøktar var det på-an med leiker, aktiviter, natursti og prat.

60-meter for barn og vaksne.......og hundarWink

.....mulig det òg burde vore eigen klasse for bunadløpande damer... i strid med slipskledde herrer - her gjekk det unna !!

 

17.mai i småbygder er koseleg - både for store og små.


Takk til komiteen for eit vel gjennomført, tradisjonelt koseleg arrangement.


Foto/video: Svanhild H Gbada

 

FaceBook
Facebook