1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

 

Til alle som bur eller har hytte på Jøsneset!

Torsdag 29. april blir det ryddedag. 
Som i fjor, blir det og i år corona-vri på ryddedagen, og me har individuell dugnad.
Me deler bygda i ulike områder, og så kan ein melde fra kva område ein ønsker å rydde. Du kan sende sms til leiaren i Bygdarådet, Hanne Tjelteveit, på mobil 47 66 85 01. 
Sei i fra dersom du treng søppelsekkar, då kan de få det hjå Bygdarådet.

Områda me vil rydde er:

  • Langs vegen til Nesvik
  • Langs vegen til Knutsvik
  • Langs vegen til Skiftun
  • Langs vegen til Foss
  • Langs vegen til Åsland
  • Utvask av trivselsstova
  • Luke på skuleområdet

 

Strender som skal ryddast:

  • Saltkjærvika
  • Nesvikstranda
  • Fosså
  • Hedlebergvik
  • Skiftustranda

 Ta kontakt innan søndag 25. april om du/de har anledning til å vere med på dugnaden. Så satser me på at me kan ha ein kaffidrøs til neste år på ryddedagen!

Helsing oss i Bygdarådet





 

FaceBook
Facebook