1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Onsdag 5. april var det tid for den årlege påskebasaren her på Jøsneset. Solbygda levde opp til navnet sitt, og mange store og små hadde funnet vegen til bedehuset denne flotte vårkvelden. Som vanleg var det god stemning, god mat og mange håpefulle lodd-kjøperar. Styret i bedehuset hadde gjort ein imponerande jobb med å få inn flotte gevinstar. 

I år hadde leiaren for Bygdarådet, Oddvar Skiftun, med ei ekstra gåve. Ved årsmøtet for Jøsnesnet Ungdomslag, tidligare i vår, blei det vedtatt at ungdomslaget skulle leggast ned, og at pengene skulle gå til bedehuset. Leiar for bedehusstyret, Ellen Mari Fosså, kunne difor ta imot eit gåvebrev på 190.000 kroner, som skal gå til større vedlikehaldsoppgaver på bedehuset.


Det er heile bygda som eig bedehuset, og dette er difor pengar som kjem oss alle til gode. 

Gåvebrevet heng nå på veggen på bedehuset. 

 

 

 

FaceBook
Facebook