1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Som tidlegare nevnt her på nettsida, så er Jøsneset med på bulystprosjektet til kommunen "24/7".  Jøsneset helselag og Jøsneset bygdaråd er med i arbeidsgruppa "Møteplassar i naturen" i lag med Årdal bygdaråd og idrettslag. Det har lenge vore planlagt ekskursjonar for å besøke kvarandre. Denne onsdagen, 18.04.12, så var det Jøsneset som skulle på ekskursjon til Årdal.

Vi fant ein skikkeleg lang benk å prøvesitja undervegs, kunne vore plass til enda fleire her Laughing

 

 

Vi var spesielt interessert i badeplassen dei har ved Riskedalsvatnet, da vi har som mål å få til ein felles møteplass ved ei strand på Jøsneset. Derfor hadde vi og invitert med oss grunneigaren i Nesvik-stranda, Lars Reidar Nesvik, der det har vore avtale om offentleg badestrand i mange år.  Vi hadde nemleg høyrt at i Årdal var det ein møteplass som folk kunne nytte seg av om sommaren, etter jobb kan dei ta med seg grillmaten og gå rett på stranda. Der kan dei rekne med å treffe andre folk og det er bålpanner der til å grille maten sin i, ein gapahuk og sitjeplasser er det også der ved stranda. Dette høyrtes sosialt ut Cool

Stranda har fått påfyll av sand, bygdarådet i Årdal var så heldig å få sponsa den av NorStone Årdal. Brygga må av og til repareres og da blir det gjort på dugnad i regi av bygdarådet.

Rett ovanfor badestranda er det eit graskledt, flatt område der desse benkene er sett opp rundt ei grue.

Bak benkene igjen er denne store gapahuken som skule og barnehagen i Årdal har sett opp og har ansvaret for. Bålpanner og gapahuken kan brukast av andre også.

Elles fekk vi vere med å vandre på poestien dei har på Svadberg i Årdal:

Slike gapahuker er satt opp langs elva i Årdal. Det er fiskerene som har satt de opp, men de er åpne for alle, og dette er også fine møteplasser i naturen.

 

Vi var også oppom eventyrskogen, der såg vi nøkken, ein bjørn og ein figur til, dei andre hadde visst begynt å flytte på seg.

Onsdag 2. mai er det Årdal som skal komme og besøke oss på Jøsneset. Då skal dei få sjå seg litt rundt i bygda, vi skal svippe nedom den gamle Nesvik-kaien og Nesvikstranda og sjå litt der, så blir det fottur til Fosstemmen frå Åsland. Vi har fokus på turstiane våre, turkartet og kanskje dei kan få litt tips ang internettsida, då dei har planar om å få seg internettside dei og.

FaceBook
Facebook