1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Sist helg blei det utført eit dualeg dugnadsarbeid på Viglesdalen Turistforeningshytte - alt til glede og nytte for deg som fotturist. Hytta ligg i fantastisk natur, berre to timars gange frå parkeringsplassen på Nes i Årdal. Etter helgas dugnadsinnsats glinsar det i koppar og kar og hytta luktar frisk grønsåpe frå topp til tå. To gutar frå Jøsneset var òg med på dugnaden, saman med to gutar frå Hjelmeland og 9 vaksne.
Hjelmeland Turlag oppmodar deg: ta turen til denne flotte (nypussaWink) plassen !!!

Bildet til venstre viser guttane i sving med "anleggsarbeid" i inngangspartiet.

Frivilige medhjelparar og fire stk frå styret i Turlaget stod på torsdag, fredag og lørdag. Masse ved, sengklær, pledd, utstyr og reidskap blei flydd opp i 5 lass med helikopter og skitne sengklær og boss blei frakta tilbake til Stavanger. Dei to hyttene og uthuset blei vaska, skurt og "sjaina opp" både inne og ute, do blei tømt og rydding utført -  nærare 100 dugnadstimar sette sine friske spor.

 


Her er gutane i sving med å pusse kaffikjelane....nå glinsar dei som gull !!


Snøen ligg framleis nedover dei bratte dalsidene ned mot Viglesdalen. Hyttene, som ligg bak til venstre i bildet, ligg på ei open og vakker grasslette.


Vegen opp går gjennom dramatisk landskap med urar og steile fjellveggar. Vegen i seg sjølv er eit skue verdt; laga for hand av svenske arbeidssluskar på byrjinga av 1900talet.

Hjelmeland Turlag har ansvar for tilsyn og drifting av Viglesdalshytta, som er eigd av Stavanger Turistforening. Turlaget oppmodar alle til å ta turen til denne særprega staden. Les meir om turen og og dei to hyttene i Viglesdalen HER. NB: det er ikkje proviant på hyttene; men elles godt utstyrt.

Eller kanskje du vil springe dei 7 kilometrane i steinete terreng; då melder du deg på det årlege VIGLESDALSLØPET som går 10.juni 2012:

Bli medlem i Turistforeningen, meld deg inn HER.

Svanhild H.Gbada.
v/Hjelmeland Turlag.

FaceBook
Facebook