1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Søndag 21 oktober var ein heidundrane stor dag for folkehelsa og frivilligheita i Hjelmeland. Alle lag og foreningar i Hjelmeland var invitert til ei felles markering i idrettshallen for å fokusere på det flotte folkehelsearbeidet som skjer i frivilligheitas namn. Jøsneset Helselag stilde kvinnesterkt opp med denne fjåge gjengen:  fv Paula, Svanhild og Berit.


Helselaget viste godt igjen med sine kvite t-skjorter og raude Nasjonalforeningsvestar. Rikt materiell stilde dei òg med, og delte gladeleg ut smaksprøvar av eplebitar dyppa i sukker/kanel. Dette gjekk unna som "varmt hvetebrød" og Helselagsdamene smilte om kapp og fotalde om godt besøk på standen heile dagen. Me kan òg skrive under på at Helselagsstanden var einaste stand utstyrt med bekken, klyster og dåpskjole - alt i så skjønn forening at nokon kom bort og lurte på om det var basargevinstarSmile...men neida, dette var ikkje basargevinstar; men dette fokuserte litt på det folkehelsearbeidet Helselaget har drive på med opp gjennom dei 75 spreke åra dei har drive på.

 



Folkehelse handlar ikkje berre om fysisk helse; det handar om heile menneskjet om trivsel, velvære og sosiale relasjonar. Her spelar det frivillige Norge ein særs viktig rolle - det å kunne bidra med noko nyttig og gledeleg for og med andre er viktig for god folkehelse, samt det å vere del av eit fellesskap: det være seg i kunstforening, i turlag, hagelag, 4H, idrettslag, politiske lag, bondelag, sjakklag, Røde Kors ....eller Helselag. Det var nettopp dette denne store folkehelsedagen handla om - og denne dagen var det viktig å kome saman, treffast, pratast, få vite om kvarandre, vise fram det ein driv med. Heile 36 små og store  lag/foreningar frå kommunen stilde med stand - og det var masse folk innom på besøk. Når me veit at det er meir enn dobbelt så mange lag/foreningar i Hjelmeland, så kan me tenkje oss at det kunne blitt temmeleg heitt om ALLE hadde stild opp.

Flott at Jøsneset Helselag stilde opp med eigen stand !! Det var ein og annan Jøsnesbu å sjå på andre standar òg; td Thomas i Røde Kors, Svanhild i Turlaget, Solveig i KrF og Sven på kjøkkenet selde unna på wok-rettar frå Bondelagsstanden.

Les meir om folkehelseKICKOFFEN på Hjelmeland kommune.

FaceBook
Facebook