Torsdag 30 oktober arrangerer Helselaget Damekveld på Mikal Laks på Jøsneset, og då blir det omvisning med Astrid Fossa Viga.
Du kan førebu deg på besøket ved å lese meir om røykelaks-verksemda på deira eiga nettside www.kingmikal.no.
Her finn du oversikt over produkta, prisane, bestillingsskjema og ikkje minst - masse spennande lakse-oppskrifter !!
Dei tilbyr òg flotte gåvepakningar - eit godt julegåvetips !!
Mikal Laks ligg ved like ved bygdevegen, ca 1,5 km frå Nesvik ferjekai. Me har òg lagt inn link til verksemda under menyen NÆRINGSLIV.