Det er anleggsarbeid på gang i Skiftudalen. Det er kommunen som fortset vassutbygginga. Nå skal det gravast ned vassledningar frå skulen, der høgdebassenget ligg) og ned langsmed kommunal veg til Skiftun kai /fiskemottaket. I same trasè blir det òg gravd ned ein kraftig straumkabel (sjå foto). I går, tirsdag, blei desverre nettkabelen gravd av; noko som medførte at delar av bygda var utan fasttelefon og internett. Gravearbeidet kan òg medføre stengd veg til tider; som idag onsdag då postbilen/skulebuss måtte kjøre via tunet til Inge Torkel. Meir info om arbeidet følgjer.
Nytt frå Strandbuen
- Dette er snittfarta i Ryfylketunnelen – ba om svar frå statsråden
- Nå har Else Karin, Grete og Liv tatt imot dei første gjestane for sesongen
- Rykket ut for å hjelpe Hvaldimir – fryktet at han satt fast i garn
- I kveld skal desse lange og tunge betongbjelkane bli frakta – har planlagt transporten i eit halvår
- Fem bilister må punge ut etter laserkontroll