Fredag ettermiddag danna det seg lange køar og mykje ventande folk på både Hjelmeland og Nesvik ferjekai. Dette skuldast tekniske problem med styringsmekanismen ombord i ferja "Hjelmeland".
Ved ferjeavgangen kl 14.15 frå Hjelmeland blei ferja fylt opp med helgetrafikk, men det tok lang tid før den vart klar for avgang; nærare bestemt 1 time og 25 min. Ferja gjekk frå Hjelmeland 15.40 i staden for 14.15. Dette medførte opphoping av bilar på begge sider; og det tok si tid før rutetidene blei ajour att.
Hell i uhell; været var deilig ; og mange trakk ut på kaien og på dekk. Ja, enkelte reisande tok det så fint at dei slo opp campingsstolar på dekk og koste seg med kaffe og fredagsavisa i ettermiddagssola. ......medan ein god del andre var kanskje meir stressa?!
Nytt frå Strandbuen
- Nei til stort energislukende datalagringssenter på indrefilet-areal i bykjernen
- Person falt og slo hodet
- Sjåfør må ut med over 12.000 kroner etter kontroll på Riksveg 13
- Milliarder til forsvar og helse, og millioner til vei i revidert nasjonalbudsjett
- Vil løysa mysterium og gjerne snyta Nedstrand i same slengen