TA TUREN TIL RØSSENIBBEN !
Turen til Røssenibben er ein bratt tur opp frå Bastli ; men jammen er det flott ! Første del av stigninga går på skogsveg opp Bastli-dalen. Vidare går det på sti i nydeleg furuskog og opne berg; og det blir lettligare og lettligare jo høgare ein kjem. Det som særpregar turen til Røssenibben, er at den dramatiske Jøsenfjorden er tett innpå heile tida. Her er det panoramautsikt mot Hagalid, Øknsafjellet og Skomakarnibbå.
Og når ein nærmar seg toppen er utsikten formidabel innover heile Jøsenfjorden og inn mot Ryfylkeheia i aust. Sjølve platået oppe på nibbå er relativt lite; men her er ein flott varde og fin kvileplass med drømmeutsikt over heile Ryfylke !
Hittil i år har det vore 28 personar på Røssenibben; dei aller fleste frå Jøsneset, men òg 2 frå Berlin. Og 5 gutar har vore her to gonger, så i turboka har ein kome til nr 33. Framleis god plass i boka her !!
Det går fint å kombinere turen med ein tur oppom Gunlanuten òg. Det er det fleire som har gjort i sommar, og løypa vidare er merka godt. Og ein kan gjerne ta turen andre vegen; via Fossmarka og opp - det er ein smaksak om ein vil gå eine eller andre vegen.
Ein bør iallefall rekne 2 timar frå Bastli og opp til topps !
Turen er merka i TURSTIKART FOR JØSNESET som Tur nr 6.
Sjå òg nærare skildring uder menyen TURSTIAR