Det er anleggsarbeid på gang i Skiftudalen. Det er kommunen som fortset vassutbygginga. Nå skal det gravast ned vassledningar frå skulen, der høgdebassenget ligg) og ned langsmed kommunal veg til Skiftun kai /fiskemottaket. I same trasè blir det òg gravd ned ein kraftig straumkabel (sjå foto). I går, tirsdag, blei desverre nettkabelen gravd av; noko som medførte at delar av bygda var utan fasttelefon og internett. Gravearbeidet kan òg medføre stengd veg til tider; som idag onsdag då postbilen/skulebuss måtte kjøre via tunet til Inge Torkel. Meir info om arbeidet følgjer.
Nytt frå Strandbuen
- Spesielt småbruk solgt etter heftig budrunde: – Både selger og kjøper jublet
- Slik har Kari tryllet frem drømmehagen på et lite område
- Maren blei ikkje overbevist på folkemøtet – Kjell Ivar blei endå sikrare
- Dette var spørsmåla frå publikum – Nour lurte på korleis folket ville bli høyrd
- Vil sjå framover: – Eit datasenter kan få snøballen til å rulla