Jøsneset Ungdomslag sitt tilbod om 250 000,- til kommunen for å få realisert scene til gymsalen, blir kanskje helst velkommen i kommunen likevel. På Bygdaposten si nettside kan me lese at ordføraren uttalar at Senterpartiet går inn for scenebygget:
" Ordførar Bjørn Laugaland vil ikkje seia så mykje om Sp sitt budsjettframlegg, men seier at han reknar med at det vert lagt fram eit forslag om innføring av eigedomsskatt i 2008.
-Ei anna endring me kjem til å leggja inn i vårt forslag, er grønt lys til planane om scenetilbygg på Jøsneset skule, seier Laugaland. "
Dette lovar godt, men det er framleis ikkje avgjort og det er framleis knytt spaning til kva dei andre partia i formannskapet og kommunestyret går inn for. Formannskapet utsette budsjettsaka i sist veke, og vil nå bli behandla tirsdag 27 nov. Følg med !
Nytt frå Strandbuen
- Mykje har endra seg det siste året for Brage (24) – er storskårar for annan klubb og har ny jobb
- Russ var så plagsom at politiet ble oppringt
- Nei til stort energislukende datalagringssenter på indrefilet-areal i bykjernen
- Person falt og slo hodet
- Sjåfør må ut med over 12.000 kroner etter kontroll på Riksveg 13