Den unge, entusiastiske jazztrioen VASPELAND 3 frå Oslo prøver igjen ! Koronarestriksjonar la kjeppar i hjula for Rogalands-turneen i mai. Nå er dei "på hjul" igjen, og klare for konsert på Jøsneset. Me satsar på godvær og utandørsmusikk kombinert med kafèsal. Det blir rigga bord på uteplassen ved Grendahuset ! Ta deg gjerne ein flott Jøsnestopptur denne søndagen, før du toppar dagen med god kafèmat og ekte, akustisk jazzmusikk ! Kjekt at utøvande musikarar igjen er å sjå på fysiske scenar ute blant folk igjen etter koronanedstenginga - Vipps de difor gjerne meir enn mistebeløpet kr 100,- pr pers ved inngang. vipps 47840680. Konserten er ein del av programmet til kultur- og matfestivalen RYFEST
Vaspeland3 serverer "Tea for two" - og det skal me få til frå kafeen òg - pluss kaffe og gode matbitar ! Vaspeland3 sin versjon av "Tea for Two" - Velkommen !!
Arr: Jøsneset Bygdaråd